Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg

lørdag 14. november 2020

Noko som et

 

tida berre forsvann

i det store tomrommet, kvervelvinden

etter orda dine


hjartet forsvann i same slengen,

liksom berre imploderte til ei nøytronert

og falt gjennom golvet i auga dine


lenger bort kjem me

viss me roterer på same staden

og let som me flyr over hava


det næraste

er det som er fjernast

og det som et av liva våre

nektar å gi seg

uansett



torsdag 23. august 2018

Indre reise



somme tider kan eg reise
som ein svevande ørn
over mine indre landskap

den naudsynte høgda
skapt av ironisk distanse
til mitt eige sjølv
gir luft under imaginære vengjer

så kan eg liggje her
flyte på vinden
sjå ned på mitt kuperte landskap
der alt er kjent

vere tilskodar til eigne handlingar
og le – når komedien trengjer gjennom
og gråte
kvar gong heltane dør



tirsdag 12. juni 2018

Nye farvatn




inn i ukjente farvatn
der alle fargar, lukter og kjensler
er ferske
ingenting av det du kjende før
finn du att her;
du startar på null –


inn i desse farvatna
kjem du
med heile deg,
tankane dine og kjenslene dine
og det du kan
er ballast i båten,
eit anker du kan kaste ut
når bølgene vert for store


inn i dette eventyret
er det du stig
            med bankande hjarte
og
eit nysgjerrig blikk;
for kanskje er det noko her
som vil forandre deg, fornye deg
gjer deg til eit betre menneske –



mandag 7. mai 2018

Prærie



dei aude slettene
der orda ikkje finn feste,
prærien strekk seg ut
            mellom alt vi ikkje får sagt

alle uutforska område,
våre kvite felt på relasjonskartet

så vi set oss ned, auge mot auge
legg ein reiseplan
steg for steg utover
for å utforske terrenget –