somme
tider kan eg reise
som
ein svevande ørn
over
mine indre landskap
den
naudsynte høgda
skapt
av ironisk distanse
til
mitt eige sjølv
gir
luft under imaginære vengjer
så
kan eg liggje her
flyte
på vinden
sjå
ned på mitt kuperte landskap
der
alt er kjent
vere
tilskodar til eigne handlingar
og
le – når komedien trengjer gjennom
og
gråte
kvar
gong heltane dør

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar