Viser innlegg med etiketten kjærleik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjærleik. Vis alle innlegg

lørdag 14. november 2020

Noko som et

 

tida berre forsvann

i det store tomrommet, kvervelvinden

etter orda dine


hjartet forsvann i same slengen,

liksom berre imploderte til ei nøytronert

og falt gjennom golvet i auga dine


lenger bort kjem me

viss me roterer på same staden

og let som me flyr over hava


det næraste

er det som er fjernast

og det som et av liva våre

nektar å gi seg

uansett



onsdag 4. november 2020

Verd møter verd

auge i auge
pust mot pust
hud over hud

to univers
på lukkeleg kollisjonskurs


torsdag 29. oktober 2020

Jakt

noko svevar rundt i rommet

og me ser lyset reflektert

som små glimt

når sveva kjem i riktig vinkel


mellom auga og vindauga

går det tynne bruer,

som landingsbaner ingen brukar

og oppdraget er overlag vanskeleg;


her svevar kjærleiken rundt

ventar på å bli hanka inn

og alt me har til hjelp

er ein sliten håv

 

tirsdag 27. oktober 2020

Spor mellom auge

å late opp handa

ein finger om gongen,

ein raslande lyd gjennom rommet

og inn i sjela


alt du gjer set spor

og dette sporet let seg ikkje viske ut


auga vert løfta frå golvet, sakte

sakte

møter du auga mine

og det elektriske i augeblikket

viskar ut resten av verda



søndag 18. oktober 2020

Der me bur

kor i kroppen bur         du

som eg tiltalar og får svar ifrå

i meir eller mindre samsvar med mine spørsmål


orda kjem får både munn og nase og auge, 

og alle er samansmelta og overstrøydde med glitter


kor bur du, du som våga å utfordre mi einsemd

utan reservasjonar flytta du inn bak øyra

og let meg bli noko anna enn eg vart


for du bur i kroppen din ein stad

slik eg bur i min

og likevel

kan me kalla det eit kollektiv



lørdag 17. oktober 2020

Hjartet held handa

handa di greip om hjartet mitt

knuga det fast i søvnen,

let det vere ei hamn å ankre opp i

sidan verda elles er ukjent, grå og mystisk


handa di slapp aldri taket, sjølv

om blikket vandra vidare utover

til ei veksande verd

ekspanderande håp og vilje

til å vere ei brikke i det store spelet

og ein kan seie

at hjartet no har kapsla inn handa

og meir held deg enn omvendt

og strekk sine nervetrådar til brestepunktet

for å følgje deg kor enn du går


og du går

 

tilbake ligg hjartet mitt

bankar taktfast i eit heiarop

som ikkje vil stogge før heile eg

ikkje treng noko hjarte 

å fortøye meg til verda med lenger


mandag 5. oktober 2020

Livlinehjarte

blikk i grå bakke
vegar som vaknar i hjartet
medan lyset smalnar, flyktar
for frostnattimane utan fridom

blikk som leitar i vilske
etter vegar å vakte, elske
ein stig gjennom kratt, ei line over djup
opnande gap i grunnen pustar død

auge som møter auge
ein varme i hud mot hud
hender strekt over avgrunnsdjupet
mitt eige liv er du livlinehjarte





tirsdag 29. september 2020

Fisk i bekk

eg har sett inn i det store tomrommet bakanfor dei gylne bekkefara, der fiskane ikkje lenger sym i stim, men kvar for seg

finn nye vegar rundt det grå berget

let seg finne på ny og på ny, utan å røpe kjensler


er det ikkje slik me glei saman i dette rommet med stengte dører, ingen kunne sjå inn, ingen visste kva som skjedde eller ikkje skjedde, berre i vår eigne tankar fanst det svar på dei store spørsmåla me ikkje våga å stille

me var fisk i ulike bekkar, gøymd bak steinar

umoglege å flytte, finne, unngå

her var me, saman kvar for oss og verda var eit hav utanfor dørene, ein destinasjon

me aldri snakka om


i morgon skal eg synge denne songen, i morgon skal eg bre solstrålane om deg som ei dyne og varme hjartet ditt med ord ingen endå har laga, i morgon vil noko nytt tre inn

og veggane og dørene vil smuldre bort, dammen ligg der blank i morgonlyset

i morgon



tirsdag 15. september 2020

Bort med alt

dei henta møblane
ein tysdag ettermiddag

bar ut stolar
bord
bokhyller
seng
benk
det gamle flygelet som aldri vart brukt
blomane
bileta
lampene
gardinene

alt

dei tok med seg alt
og let dei opne såra stå og blø
utan håp om redning

me sette oss ned, venta
let stilla fylle auga og hendene,
leita oss fram til kvarandre
som gjekk me i blinde
og ikkje lenger visste kor me var

eg kjende pulsen din banke
såg auga dine flyte med straumen
let varmen mellom oss fylle rommet -

eit nullpunkt
eller
sjansen for ein ny start, eit nytt liv

eg såg at smilet lurte på leppene dine


onsdag 9. september 2020

Auga er eit garn

korte glimt av dette store

i dine sekund, bak di eiga hud, bur

lengten etter alt      forgjengeleg

 

mine eigne celler

kviskrar eg

men veit det er løgn

 

tida som ein gong var

er som draumen om moria

når eg let att boka;

 

endå lever alt

i repeterande frekvensar

når eg let att auga,

men detaljane bleiknar

og tinga endrar form, til og med

auga eg ein gong prøvde

å gje all min kjærleik

 

no er mine eigne auge eit garn

strekt over vegen inn

til minnelandet

 

berre håpet lever

på desse koordinatane

 

 

lørdag 22. august 2020

Kjærleiken er eit skjold

kjærleiken er eit skjold
syng fuglen
den vesle grøne fuglen
me alltid høyrer
rett før sola fell bak fjella
og månen endå er både ny
og rund

set skjold mellom avgrunn og håp
kvitrar fuglen,
syng ein song om kjærleiken
som er
eit skjold
for hjartet

tonane flyt som ein surrande bekk
mellom husa

den vesle grøne fuglen
er i hjartet
og kjærleiken er

berre
               er


fredag 21. august 2020

Måltid

saft i glasa
mugge vatn tallerken
middag saman
fellesskap
mellom auge
munn gaffel mat
ordtrafikk, skyttel
som spindelvev
munn til øyre
auge hekta saman
tråd
kjærleik
ja
kjærleik


onsdag 5. august 2020

Planet

det er du som er
denne nye, mystiske planeten
som plutseleg dukka opp
i teleskopet

den ukjente overflata, skimrande og mørk
som eit magnetisk stoff
auga ikkje kan lette frå

eg forsøker å kartleggje rotasjonsbaner
omkrins og fart,
kartleggje tid og stad og masse
og substans,
men alt glir ut av hendene, tala forsvinn
løyser seg opp og krasjlandar
mot overflata

tyngdekrafta er større enn teleskopet klarar,
snart forsvinn det ut i rommet
saman med bøkene, tala, huset
alt eg har rundt meg
og eg sjølv, snart lettar eg 
svevar som ein taus astronaut
i astronomisk fart    -    utover

mot deg

onsdag 29. juli 2020

Startskot

ingenting her i verda
hende
ikkje eit vindpust, ikkje
ein lyd, ei kviskring

trekronene stod tause
umalt, uvaiande
inni eit lukka frø
i naken mold

bølgjene som stivna former
i taus relieff
mot kalde vinterhimlar

berre tomme snøfnugg
endå ikkje stivna
trass kulde utstrekt som hud
over jorda

før den dagen du vende auga
og møtte mine


torsdag 2. juli 2020

Virvel

di hand i mi hand
tå mot tå
auge i auge, som ein lås
i perfekt avstand

her snurrar me som ein virvelvind
gjennom gatene
utan auge for noko anna

møblar, bøker, frukttre, mose, fly
som satellittar rundt oss flyg alle orda
i ovale baner   -    vinterord, sommarord
tilbake til starten-ord

og me trår eitt steg nærare kvarandre
eit steg til, heilt heilt nær no
nase mot nase
blikk mot blikk

eg fangar pusten din, gjer den til min
før eg sender den tilbake til verda

så smeltar me saman, glir umerkeleg inn i kvarandre
som i ein symbiose
og virvelvinden fyk gjennom gatene, satellittane kvervlar
som ville fossar

        dreg heile byen med oss i dragsuget
ut i det store universet




mandag 29. juni 2020

Dagane etterpå

dagane etterpå
det er dei som tel

når det siste lyset har blitt sløkt
gjestane har gått
maten er rydda av bordet
oppvasken ferdig
kransekaka smula opp
alle smellbonbonane ligg som bilvrak
       på kjøkkenbenken
nokre einslege pakkeband
       har gøymt seg vekk i ein krok

og de kjenner varmen
frå den andre sin kropp, pusten
ei veksling mellom hjartefrekvensar
og gode blikk

frå no av
er det de to, i alle dagar
etterpå
og det er det som er viktig


torsdag 25. juni 2020

14 ord

eg gav deg fjorten ord,
fjorten av dei viktige
som
kjærleik
håp
og tru  -  det er kanskje dei største
men du fekk også kos
ærleg
trufast og mjuk

det du aller mest ville ha
pakka eg inn
og gav i gåve
ved alle store høve,
ord som tid
ro
og fellesskap

og varme blikk ...

dei tre siste laga eg
eit smykke av
og hengde det rundt hjartet ditt
som ei påminning
om noko berre du og eg har saman

der heng dei
skjult for andre auge

det er berre me to
som veit --