dagane etterpå
det er dei som tel
når det siste lyset har blitt sløkt
gjestane har gått
maten er rydda av bordet
oppvasken ferdig
kransekaka smula opp
alle smellbonbonane ligg som bilvrak
på kjøkkenbenken
nokre einslege pakkeband
har gøymt seg vekk i ein krok
og de kjenner varmen
frå den andre sin kropp, pusten
ei veksling mellom hjartefrekvensar
og gode blikk
frå no av
er det de to, i alle dagar
etterpå
og det er det som er viktig
Viser innlegg med etiketten ekteskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ekteskap. Vis alle innlegg
mandag 29. juni 2020
onsdag 6. mars 2013
Stille dans
Vi dansar ein stille dans, vi to
einsame sjeler, i fellesskap
klynger oss til kvarandre
for vi er alt vi har att
vi er alt vi har hatt
så vi klynger oss til kvarandre,
eit fellesskap, eit samband
utover det at vi held
den andre så knusande tett
at vi smeltar til eitt
men også eit band, over tankar og
ord
ei lenke som bind oss, hjarte til
hjarte
og knyter sjelene saman
til rytmen som går utan stans
vi lever vår stille dans
Abonner på:
Innlegg (Atom)
