Viser innlegg med etiketten dans. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dans. Vis alle innlegg

fredag 6. november 2020

Skuggedyr

skuggen av dyret

kviler

på veggen framfor meg,

dei kvasse klørne har laga djupe sår

i murveggen,

noko renn over steinane og ned

utover gata som ei elv ein bodskap

om det umedvitne møtet mellom meg

og denne skuggen og kor det vil ende

om eg ryggar sakte vekk som ein tango

for skuggen min og meg


skuggen er blind

med auga fastskrudde på måneoverflata;

kan du sjå oss

er me borte

 


torsdag 20. august 2020

Treng ikkje namn

ein treng ikkje vite namnet på alt
for å elske det

til dømes desse lauva
som endå er grøne, endå vitalt
blafrande glede jubelsommar
over skogbotnen

snart endrar alt karakter
og noko fell
dalar mot det som ein gong var avgrunn
no ei seng
til kvile
mot vinteren

ein død
for det som var glede
senker stilla som ei nål
me alle trakkar på

og endå kjenner eg ikkje namnet
på lauvdanssongen
men eg elskar den likevel

tirsdag 18. august 2020

Livet som ein pust

livet som eit pust
blafrar gjennom friske vårskot
leikar seg i skuggane og lyset
frå ei sol på veg opp
over fjella

livet som ein bris
gjennom alt det sommargrøne,
blada dansar om kapp med tida
så hastig, så hastig
vinkar dei mot lyset

livet som ein storm
brølar bøyer bender bryt
seg veg gjennom haustlauv og kvistar,
virvlar alt opp - til dans
på veg mot den raude solnedgangen

livet som eit pust
eit stille sus over fallande snø,
ein stivna vals der dei siste lauva fell
mot blankslipt grunn
og det siste lyset glimtar
           mellom nakne kvistar
og vert borte

tirsdag 30. juni 2020

Måne med ryggen til

om natta
vaknar graset,
dansar sine mjuke dansar
i skuggen av ustadige bjørketre

det er som eit hav
med ukjente djupner

dei som har sett det
og våga seg med
har aldri meir blitt sett

--

månen gøymer dei triste auga,
veit så mykje
seier så mykje
mindre

alt vert gjettingar
men huda høyrer og trur kvart ord




mandag 11. mai 2020

Det dansande huset

dørene skrik på hengslene
karmane knirkar i vinden
veggane bølgjer, taket svaiar
golva syng ein eldgamal song

huset dansar
aleine
i forsommarnatta

utanfor blømer blomane
lenger borte bøyer trea seg innover
dannar ein knudrete mur

hit inn
kan ingen menneske komme
no lenger

det dansande huset
er trygt forvart
i skogen si hemmelege eventyrverd




mandag 12. oktober 2015

Skuggedans



å, du vakre skuggedans
mellom blomar og strå
i min hage –




varmt kom du med vinden
lågt flaug du over engene
heilt inn til spindelvevmørket




dei stille orda som feste seg
fuktige roseblad mot vindaugsruta
inn dit ingen kunne sjå




men å, som du rørte alt rundt,
kor du sette kvar minste ting i rørsle
og let ingenting stå urørt!






kor eg velsignar – dine mjuke steg i graset
kor eg velsignar – dine herjingar, heilt utan skuld
kor eg velsignar – ditt lys i mitt mørker –