Viser innlegg med etiketten haust. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten haust. Vis alle innlegg

torsdag 9. november 2023

Kanskje

det kan absolutt skje

at eg går inn feil dør, hamnar utanfor

der eg skulle vore innanfor

på eit anna plan, som ein prikk mot horisonten

langt vekke


det kan skje

at ingen vil oppdage at eg ikkje er der lenger

for orda er så svake, omrisset av den eg var

dekkjer ikkje lenger kroppen


det kan skje

at eg berre fell og fell, som eit lauv i haustvinden

men landar mjukt mot bakken, mjukt mot molda

mjukt i hender som tek meg i mot -


det kan absolutt skje

at feil dør viser seg å vere riktig dør

og utanfor er det same som innanfor - i dette tilfellet,

og om ingen ser meg

er det likevel Ein som fangar meg inn i


og kanskje er det alt som skal til


mandag 5. oktober 2020

Livlinehjarte

blikk i grå bakke
vegar som vaknar i hjartet
medan lyset smalnar, flyktar
for frostnattimane utan fridom

blikk som leitar i vilske
etter vegar å vakte, elske
ein stig gjennom kratt, ei line over djup
opnande gap i grunnen pustar død

auge som møter auge
ein varme i hud mot hud
hender strekt over avgrunnsdjupet
mitt eige liv er du livlinehjarte





søndag 2. september 2018

Ein heim




kom, gøym handa di
i handa mi – lat oss synke inn
i tankane saman
- inn til dei stille funderingane
og refleksane frå det lune lyset
i auga

så mildt eit glimt i auga
så lett du lenar kroppen mot min

så stille du kviskrar namnet mitt;
eg kjenner pusten din
som eit svalande blaff
mot kinnet

i dette sekundet
har me bygd oss ein heim – her
i kvarandre sin varme



mandag 13. november 2017

Haustmorgon #5



som ustyrlege rakettar
susar fuglane forbi i lyset

eit sekund er dei der
så er dei borte

med tolmod ventar eg
på neste glimt av morgondansen



lørdag 11. november 2017

Haustmorgon #3



Haustmorgon #2



trea myser mot lyset
prøver halde det fast
dra det ned

det boblar eit sinne over tap
lauvdrakt og livsårer
borte – eit minne
kveler gleda
låser dei forbitra tankane
inne