Viser innlegg med etiketten sove. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sove. Vis alle innlegg

søndag 4. oktober 2020

Søvnen og eg

eg har eit noko anstrengt forhold

til søvnen


kvar gong han kjem

er eg borte vekk

og får det ikkje med meg


og når eg kjem til meg sjølv att

er han borte


så me har nok aldri sett kvarandre

søvnen og eg,

berre høyrt ryktet om kvarandre

og alle våre forsøk på å møtast

har

så vidt eg veit

vore mislukka



søndag 5. januar 2020

Ropet, igjen

du ropar frå rommet
ei lett lidande stemme
som ei bøn

kanskje er du tørst
tenkjer eg
medan eg legg vekk papira mine

kanskje treng du ein klem
tenkjer eg
medan eg reiser meg opp

kanskje lengtar du etter lys
eller ei stemme, eller eit handfast teikn
frå ei verd som snart skal forsvinne
når du vandrar inn
i draumane

kanskje, tenkjer eg
og opnar døra til rommet ditt

"god natt," seier du
og smiler, god natt
seier eg, smiler tilbake
og det var alt som skulle til

verda er igjen i balanse