Viser innlegg med etiketten data. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten data. Vis alle innlegg
mandag 15. oktober 2018
tirsdag 3. desember 2013
Kolossal
Det
er her eg står,
eg
og fotoapparatet, vi limar verda fast
og
klistrar den inn
på
dataskjermen – lag på lag
til
heile verda ligg lagra som to enkle tal
0
og 1, og straumen som går
mellom
komponentane
leier
tala inn på rekke, set dei saman
til
informasjon eg kan bruke
viss
eg vil og
Alle
desse småstraumane
kjem
frå ein stad, dei er bielver
i
den kolossale hovudstraumen
frå
fjella, der vatnet har rent frå dammane
og
gjennom dei overdimensjonerte røra;
sett
magnetar i sving,
og
straumen har vorte leia hit til meg –
Frå
dette vatnet,
dei
kolossale vassmengdene
som
ein gong var vassdamp i skyene
og
kom siglande inn frå fjordar og hav,
inn
over fjella
der
dei slapp lasta si av
og
gjorde det heile mogleg;
Først
av alt var det altså hav
og
fjord, der vassmolekyla låg og venta
på
sol, på varme
på
nok energi til å forlate kvardagen
og
bli del av noko større,
noko
kolossalt –
Til
sjuande og sist er det altså her det startar,
her
eg står og fotograferer vatnet,
som
snart skal gje straum
til sin eigen virtuelle eksistens –(Fredagstema)
Etiketter:
data,
krinslaup,
onsdagstema,
straum,
vatn
tirsdag 12. november 2013
Plattform
eg
kan hugse ein haustferie,
kanskje
i 88, eller 89
då
ein kamerat skulle reise vekk
og
vi fekk låne – heilt inn i stova!
ei
nintendo-maskin
og
kunne spele og spele og spele
heile
ferien om vi ville
spele
super mario bros
til
auga vart pixelerte og
øyra
høyrte plingelydar kvar gong vi såg
ein
mynt
så
var ferien over
og
maskina vart levert tilbake,
ikkje-spel-kvardagen
trådde inn att
for
fullt
i
dag er det eit minne –
den
gongen eg hadde
nintendo...
eg
tvilar på at son min vil hugse
kva
spel han spelte
i
haustferien sin
han
vil truleg hugse noko anna
(Onsdagstema. Bildet over er som de sikkert ser ikkje super mario bros... Det er frå ein annan speleplattform som heiter Superblink, og er mykje i bruk blant dei minste i heime her!)
fredag 25. oktober 2013
Pixelsommar
sommaren er ikkje meir – no
enn eit bilete, koda i 0 og 1
til ei fil på datamaskina,
der blomane strekk seg, optimistisk
over det flatklemte rommet
mot ei sol som ikkje lenger varmar
anna enn minnet
Abonner på:
Innlegg (Atom)
