tole det må du lyden seier me av vatn mot riper ikkje delte sjølv lengten fotfestemistar tak under sjølvdisiplin og tunge åk morgonlyset du badar du vakker som blomar veks finn kjærleiken ankerfeste grep mot auge hand hud og me er eit lodd stigande vide vatn kan romme djupet og handa toler du strekt mot hjartet i vatnet me er her kviskrande i mørket dunlett så dunlett over deg og meg
verda kler på seg mai, sveipar seg i grøne skot og solfylte flekkar let seg senke ned i det blå, eit djupdykk i eigne håp, eigne draumar -- på djupet, der pusten ikkje kan trekkast og lengt er ein kapsel å bu i så bryt ein overflata sug til seg alt verda har å by på og ler mot varmen i sola slik møter eg denne dagen slik vaknar eg og går ut på det spirande graset med berre føter og hud som brenn etter deg
er det vatn alt dette spør eg vassar over golva i katedralen heilt fram til alteret, ser meg attende, ser rundt på alle som kjem vassande saman med meg på sidene inn frå alle slag dører og portar eg som har fulgt den vesle bekken frå eg kom over den og heile vegen opp mot dette fjellet og denne katedralen heile vegen lenger opp til eg steig inn i det strålande lyset og såg kjelda spreie seg ut over heile verda søsken på vandring mot det same alteret der lammet, som liknar ei løve tek imot med opne armar