Viser innlegg med etiketten tårer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tårer. Vis alle innlegg

torsdag 23. juli 2020

Hjartetsunami

ringar i vatnet
etter alle tårer som falt
frå auga bak auga

større og større ringar
tsunamibølgjer
over hjarterøtene

ingen veit kor langt
inn på dei aude områda
vatnet når

inn dit ingen ord
har markert sine lydar
eller sett sine spor

før no

torsdag 28. mai 2020

Skyte skyer med kanon

desse skyene
seier du
alle desse skyene
kviskrar du
ser på skyene med mørke auge

eg svevar rundt deg
ein satellitt i bane
rundt sitt fjerne mål

bles mot skyene
held fram hendene
og tek imot tårene
frå auga dine

samlar dei saman
men ser dei forsvinne
fordampar
dannar nye skyer

eg snurrar vidare
ynskjer å trøyste
men du gret og gret
og skyene vert mørkare og mørkare

det finst inga dør
ut frå dette rommet



lørdag 25. januar 2020

Hemmeleg i auga

eg legg ansiktet ned på papiret
teiknar rundt det
med vassfast tusj

teiknar store runde auge
munnen som ein strek

så kan eg begynne å fylle forma
med tårer

det vil uansett ikkje flyte utanfor,
demninga vil halde

endå kor mykje eg skulle ynskje
noko kunne bryte det hemmelege;
 
at eg hadde latt eit lite strekke 
vere utstreka


søndag 13. mai 2018

Ei tåre



det kom noko brått
dette – då orda fall
og hjartet fall
og eg
fall på kne, med spørsmåla
som ein panikkslagen flokk
mot strupen

og du
og ryggen din
og korleis forsvinningspunktet
vart mindre og mindre
mot horisontlinja –

berre ei tåre
ei einsam elv over kinnet
er att som vitne
om det som var eit vi


mandag 8. september 2014

Plant deg



kom plant deg
ut av deg sjølv
du rådlause sjel,
her vil stjernene vatne
med tårer
og dagen trakke ømt
på bare føter
over forsiktig tilklappa jord –

kom plant deg
ut av frykt og gru,
la oss stryke mjuke hender
over dine blad
puste nyvaska luft
gjennom lengt, gjennom tårer
til vi kjem ut på andre sida
som ruvande tre

klare for verda

fredag 31. august 2012

Bøn frå eit knust hjarte

Gud, eg er tom for tårer
Hjartet mitt er uthola
Vridd og knust
Det er ingenting att
som eg kan halde tak i

Gud, hald meg du
Løft meg opp, trøyst meg
Alle mine tårer er runne
i sanden
No har eg berre lengten tilbake

Hald meg fast
For eg klarar ikkje halde meg oppe sjølv

søndag 26. august 2012

Sorg


triste ustoppelege
rennande tårer
fuktar kinn
fyller tankar
om trøyst
eller lindring

den djupe
utømmelege brønnen
renn over
reinsar knuste
sundslegne hjarta
sakte bankande
mot den
store tomheita

vatnet vaskar
over sorga
og gjer
den litt
meir leveleg
men vaskar
den ikkje vekk