Viser innlegg med etiketten pause. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pause. Vis alle innlegg

fredag 13. mars 2020

Eit pauseslag

me rettar hendene til begge sider
handflatene i ei bydande rørsle;
stoppar trafikken
momentant   -   vent litt
på vidare signal,
her skjer noko viktig -

så går me mot kvarandre,
kryssar vegen
med auga hekta saman

lyfter vekta av verda
for det er dette som er ned;
definisjonar me ikkje forstår
og ikkje kan hanskast med

eit sekund, ein time, eit år
inga tid har meining
så lenge hjartet er der det skal vere
og du veit at alt du ser
er noko som ein dag går under

så er det noko som brest,
lydane tek seg opp att
og trafikken susar forbi på kvar side ...

nasetipp mot nasetipp
i ei verd som ikkje veit om oss,
og dette er alt me veit

mandag 8. september 2014

Plant deg



kom plant deg
ut av deg sjølv
du rådlause sjel,
her vil stjernene vatne
med tårer
og dagen trakke ømt
på bare føter
over forsiktig tilklappa jord –

kom plant deg
ut av frykt og gru,
la oss stryke mjuke hender
over dine blad
puste nyvaska luft
gjennom lengt, gjennom tårer
til vi kjem ut på andre sida
som ruvande tre

klare for verda

tirsdag 19. august 2014

Treet



det veks eit tre
bak framande horisontar

dette treet skal du klatre i,
du skal svinge deg opp i greinene

få eit overblikk over verda
som du aldri før har sett

sitte på ei grein, svinge med beina,
kjenne at det er noko anna, noko nytt

så annleis enn dine grå bakgater, dine gjeremål
dine må og bør og skal og viss og om og men

for det er dette som er det verkelege livet,
det er dette du skal gripe tak i, med heile deg

og aldri -
aldri, aldri sleppe taket

lørdag 5. juli 2014

Komma



Eg pustar ut,
ser lyset forsvinne
som ei støvsky
bak horisonten





landet ligg aude,
landet ligg stille
det er som verda
trekk pusten på ny
 




og det vesle mellomrommet
- ventetida -
då alle auge er svarte og opne,
strekk seg over eit juv

blinkar lurt
kviskrar
eg kjem tilbake
om litt