Viser innlegg med etiketten samliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten samliv. Vis alle innlegg

søndag 20. september 2020

Parallelle univers

livet er to ting, av og til fleire

på ein gong;

ein dans gjennom hagar, auge i auge

medan noko jobbar seg ut gjennom sjela

som slangar, et seg veg og legg etter seg slagg


det må me hanskast med seinare


når tempo i dansen vert senka

og dei store demningane brest

og alt me held att kjem styrtande til


så stille orda kan vere

og auga er endå i auga

når det vanskelege opnar døra


slik sett kan livet også vere berre ein ting

over alt det andre



torsdag 2. juli 2020

Virvel

di hand i mi hand
tå mot tå
auge i auge, som ein lås
i perfekt avstand

her snurrar me som ein virvelvind
gjennom gatene
utan auge for noko anna

møblar, bøker, frukttre, mose, fly
som satellittar rundt oss flyg alle orda
i ovale baner   -    vinterord, sommarord
tilbake til starten-ord

og me trår eitt steg nærare kvarandre
eit steg til, heilt heilt nær no
nase mot nase
blikk mot blikk

eg fangar pusten din, gjer den til min
før eg sender den tilbake til verda

så smeltar me saman, glir umerkeleg inn i kvarandre
som i ein symbiose
og virvelvinden fyk gjennom gatene, satellittane kvervlar
som ville fossar

        dreg heile byen med oss i dragsuget
ut i det store universet




fredag 13. mars 2020

Eit pauseslag

me rettar hendene til begge sider
handflatene i ei bydande rørsle;
stoppar trafikken
momentant   -   vent litt
på vidare signal,
her skjer noko viktig -

så går me mot kvarandre,
kryssar vegen
med auga hekta saman

lyfter vekta av verda
for det er dette som er ned;
definisjonar me ikkje forstår
og ikkje kan hanskast med

eit sekund, ein time, eit år
inga tid har meining
så lenge hjartet er der det skal vere
og du veit at alt du ser
er noko som ein dag går under

så er det noko som brest,
lydane tek seg opp att
og trafikken susar forbi på kvar side ...

nasetipp mot nasetipp
i ei verd som ikkje veit om oss,
og dette er alt me veit