Viser innlegg med etiketten vekst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vekst. Vis alle innlegg

lørdag 31. oktober 2020

Eit det blir eit det, men når

når blir treet eit tre -

når kan vatnet me væter jorda med

og den svarte molda me legg frøet i 

bli rekna som ein faktor for ei spire som skal gro

 

når vert spira ei spire,

kva bur i frøet

som me ikkje kjenner -

 

eg plukkar eit frø frå solsikka

og held det i handflata mi,

undrar;

vert du ei rose, du vesle frø

eller ein tiger?

kan du bli eit grantre

om eg berre vatnar deg nok

 

eller vert du ei solsikke

sidan det er det som ligg nedkoda

i dine inste, hemmelege rom --

 

 

fredag 16. oktober 2020

Kodearm

i mørket veks frøet til eit tre,

strekkjer sine tynne trådar gjennom molda

lenge før me kan sjå teikn til liv i lyset


så sprekk skalet, og det som lever

trengjer ut og leitar seg fram

til ein stad det kan puste inn og ut

og få næring til alt dette som skal svaie i vinden

etter sin eigen plan

gøymd i frøet


det er sjølve livet som vaknar,

sjølve det som gjer at verda er som ho er

og at ingen av oss, endå

har gløymt korleis fargen grøn ser ut


og frøet murrar fornøgd i draumen

om alt det som snart skal skje

om det berre finn jord og vatn

og får vekse sine koda armar

i fred



torsdag 14. januar 2016

Elden



tonane strekk seg
som flammande eld
gjennom skogar og fjell;

den vågale fuglen syng
sjelfulle songar
når dagane lir imot kveld -

ein vinter skal svinne
og kulda forgå
før lengten får røter og feste

musikken er frøa
og håpet skal gro
som blomar - og knoppar skal breste!


fredag 18. desember 2015

Det falt eit tre i skogen



i mange lange vintrar
stod treet her og bøygde seg
for vindane og stormane
og lagra sine bilete
av regn og snø og sol

i mange lange vårar
spira håpet stille fram
til myriadane av fuglar her
på treets mange greiner
song ein song om livet sjølv

i mange lange somrar
strøymde sola over barken
i ein dans for varme dagar
fylt med spirande yrande liv
og bekymringslaus glede

i mange lange haustar
gjekk ei stille mumling gjennom skogen
om førebuing, fellesskap
og korleis alt skal vernast
gjennom kalde mørke tider

for i mange lange år
var det slik det var i skogen,
men så – ein dag – eit kort sekund
i motordur og skarpe hogg
falt treet, gleda, håpet

og slik er lærdomen i verda,
slik er kunnskapen vi har:
at alt du bygde opp og fram
kan falle ned, bli trampa på
og knust i eitt sekund


(Weekend in b&w)

onsdag 5. november 2014

Vekst



alt nytt
begynner
i smerte

alt det
som i dag
er vakkert

vart ein gong
henta ut
frå oskegrå fjell

brunsvidd mold
mørke vatn;
anonyme stader

der smerta
har foredla
det kvardagslege

til skinande
perler




(Black & white wednesday, Wednesday around the world)

søndag 26. oktober 2014

Barnet som går



kan du stoppe regnet,
la steinane rulle oppoverbakke
og graset krype attende
i frøet –

kan du stå imot fossefallet,
få ein katt til å gå baklengs
når han ikkje vil, kan du
knuse ein diamant –

leggje hendene rundt sola
og dra den ut av bane,
kan du slokke min brennande
kjærleik til barnet –

som går sine prøvande steg
ut i verda, forsiktig
litt lenger vekk frå meg,
med stadig fastare grep

om hjartet mitt –




(Søndagstema i farge og s/k)

mandag 8. september 2014

Plant deg



kom plant deg
ut av deg sjølv
du rådlause sjel,
her vil stjernene vatne
med tårer
og dagen trakke ømt
på bare føter
over forsiktig tilklappa jord –

kom plant deg
ut av frykt og gru,
la oss stryke mjuke hender
over dine blad
puste nyvaska luft
gjennom lengt, gjennom tårer
til vi kjem ut på andre sida
som ruvande tre

klare for verda