søndag 25. oktober 2020

Ein felles fiende

me irriterer oss over treet

her me går, surmulande

med auga i bakken, let dei følge

skuggane av greinene krysse vegen

og me jamrar oss

og klamrar oss til kvarandre

sin forvridde redsel -


hadde berre treet vore borte

ville vegen vore ein triveleg veg å gå

mumlar me mot bakken

og byksar vidare, tek lange steg

for å kome raskt forbi og vidare

i verda


hadde berre treet vore borte

ville verda vore ein vakker stad

alt ville vore annleis og betre

mykje mykje betre, og liva

ville gått på skinner

samstemmer me --


let eit siste gys gå gjennom kroppen

før me er forbi

og ikkje lenger har akkurat dette

å klage på

 

men lenger nede i bakken

står det fælslege, solfalma

fartsskiltet

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar