Viser innlegg med etiketten kode. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kode. Vis alle innlegg

lørdag 31. oktober 2020

Eit det blir eit det, men når

når blir treet eit tre -

når kan vatnet me væter jorda med

og den svarte molda me legg frøet i 

bli rekna som ein faktor for ei spire som skal gro

 

når vert spira ei spire,

kva bur i frøet

som me ikkje kjenner -

 

eg plukkar eit frø frå solsikka

og held det i handflata mi,

undrar;

vert du ei rose, du vesle frø

eller ein tiger?

kan du bli eit grantre

om eg berre vatnar deg nok

 

eller vert du ei solsikke

sidan det er det som ligg nedkoda

i dine inste, hemmelege rom --

 

 

fredag 16. oktober 2020

Kodearm

i mørket veks frøet til eit tre,

strekkjer sine tynne trådar gjennom molda

lenge før me kan sjå teikn til liv i lyset


så sprekk skalet, og det som lever

trengjer ut og leitar seg fram

til ein stad det kan puste inn og ut

og få næring til alt dette som skal svaie i vinden

etter sin eigen plan

gøymd i frøet


det er sjølve livet som vaknar,

sjølve det som gjer at verda er som ho er

og at ingen av oss, endå

har gløymt korleis fargen grøn ser ut


og frøet murrar fornøgd i draumen

om alt det som snart skal skje

om det berre finn jord og vatn

og får vekse sine koda armar

i fred