Viser innlegg med etiketten spørsmål. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten spørsmål. Vis alle innlegg

lørdag 31. oktober 2020

Eit det blir eit det, men når

når blir treet eit tre -

når kan vatnet me væter jorda med

og den svarte molda me legg frøet i 

bli rekna som ein faktor for ei spire som skal gro

 

når vert spira ei spire,

kva bur i frøet

som me ikkje kjenner -

 

eg plukkar eit frø frå solsikka

og held det i handflata mi,

undrar;

vert du ei rose, du vesle frø

eller ein tiger?

kan du bli eit grantre

om eg berre vatnar deg nok

 

eller vert du ei solsikke

sidan det er det som ligg nedkoda

i dine inste, hemmelege rom --

 

 

søndag 14. juni 2020

Ut av ei boble

det kunne ikkje vare
kviskrar me
med hovuda tett saman,
ei rynke av bekymring
fyller heile horisonten
og ingen slepp unna lyden
frå knuste illusjonar som fell i bakken

for dette barnet
som var fødd med blyant og papir
i dei små hendene
og ei lupe for auga,
barnet som stirra storauga på alle vedunder;
frå mygg til hundar
og svære heisekranar 
og formulerte 
           dei vakraste spørsmål --

kom i dag trampande inn
med attsmelta auge
og eit fullada gevær
i nevane

slo av sikringa
og skaut eit stort utropsteikn
i stoveveggen,
akkurat stort nok
for hjarta våre å søkke fleire nivå 


lørdag 16. mars 2019

I det uendelege



i det uendelege
ligg uante sjansar
til å oppnå det umoglege

for ingen kjenner grensene
til universet
ingen veit kor tida stoggar
eller orda tek slutt

det er i dette, i denne erkjenninga
det vert mogleg å fjerne seg
frå eigne skylappar
og innøvde tankesett

la seg flyte over djupa
vere eit barn
i alle ting
stille spørsmål til skaparen
og opne hjartet
for overraskande svar



torsdag 11. september 2014

Spørsmål



eg ser på verda
i eit papprør

zoomar ut
gjennom ein liksomkikkert

til alle menneska er små som maur
og alt vi gjer mister si meining

til hus og bilar og alle ting forsvinn,
berre hav og himmel, fjell og ørken er att

og kloden snurrar sakte
rundt sin eigen akse -

det er så mange spørsmål
eg gjerne vil ha svar på

men eg kan ikkje hugse meir 
enn eit einaste eitt, her ute

kor verda er ei kule i ein kikkert
og mitt eige liv ein minisatelitt -


(Skywatch Friday)

torsdag 16. mai 2013

Er det slik?



Er du betre enn meg?
Er eg betre enn deg?
Kven er flottare enn kven?

Kven kan stikke seg ut?
Kven må gøyme seg vekk?
Kven får drive med sitt, i fred?

Kven kan løfte hovudet høgt?
Kven bør stikke det i sanden?
Kan vi la vere å bry oss om slikt?

Skal eg gå til høgre?
Skal du gå til venstre?
Skal vi fortsetje slik, eller snu?

Skal eg sitje, skal eg stå?
Skal du liggje, skal du gå?
Skal vi vere, skal vi tørre, skal vi tru?

Kan du lese dette diktet?
Bør eg knekke penn og blyant?
Skal det lesast, eller brennast?

Kven er eg, og kven er du?
Tør vi smile, tør vi snakke?
Og kven i all verda har bestemt av vi skal vurdere alle ting vi gjer eller ikkje gjer opp og i mente og att og fram til det knapt er nokon som tør gjere noko i det heile utan frykt for å bli slått i bakken av slemme ord eller oversett av heva auge eller trampa på av samfunnsmekanismar ingen kan forklare, ingen vil vedgå seg eller ingen vågar gjere noko med?

Er det slik?
Er dette eit tåpeleg spørsmål?
Kan eg møte deg,
kan du møte meg
utan vurdering og dom?