Viser innlegg med etiketten skape. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skape. Vis alle innlegg
tirsdag 20. februar 2018
onsdag 10. juli 2013
Heilt nær
Som små elvar –
Eit elvedelta, kapillærblodstraum
Spreier vedrøyra sine årer utover
flata,
deler seg opp i stadig trongare gongar
heilt ut til ytste kanten
Som i vakuum samlar siløyra det heile
saman att,
lukkar inn kvart brukande stoff,
leier det inn og vekk
til seinare bruk
- eit maskineri!
Kunne vi komme nærare
desse mekanismane, desse systema
i den levande naturen
Sett kor alle delar heng saman,
og med skjelvande hender rørt ved
blada,
klappa trestammen med audmjuke hender
–
Ville hjarta banka med større kløkt
og tankane sirkulert – akselerert
mot det skapande vidd
som tenkte alt frå starten
og ikkje sparte på noko
for å få det perfektmandag 1. april 2013
Evidence
Vi ventar på fødsel, og førebur oss med å sjå på video og bilete frå storesyskena sine første dagar... Dette bildet er handa til storesyster, og er teke i 2009. Diktet skreiv eg etter å ha sett ein film om ein liten gut som heitte Deklyn, og lest litt på bloggen deklynsjourney.blogspot.no. Slik ein vakker gut! Det var ei sterk historie, og eg kan berre ane den kampen foreldra må ha kjempa. Både gjennom sjukdomen og døden, og alle kjenslene og den enorme kjærleiken som skin gjennom i tekstane dei skriv.
Every little baby’s shining eyes
and arms stretched out towards
the world surrounding them,
are ever so convincing:
There is a God --
There is a God who creates --
There is a God who creates only good
things out of earthly dust
There is a loving God, using His
creativity and all His tender love
in forming every each of us
and breath on us his breath of life
so we can shine His glory
to our fellow man
Every little baby is an evidence
that love and God and meaning all exists
Protect them, ‘cause their not a choice
for us to take,
but a priceless gift from God!
torsdag 14. mars 2013
Kulde [4]
Viss denne flata var ei kyrkje
med blanke spir
og eit altar av stålblank is,
då ville eg knele
med skjelvande kne mot kulden,
løfte henda mot Himmelen
og takke Han som bygde katedralen
av eit meir intrikat materiale
enn vår avgrensa fantasi kunne
oppdrive
Gå på vatnet --
kven kan vel bygge flottare tempel
enn Herren sjølv?
onsdag 5. desember 2012
Eld
Eg
ser ned på fyrstikka,
den
vesle trepinnen
i
mi eiga hand
-
At noko så lite
kan
gjere så store ting
Eg
er glad
sjølv
om frykta er større
Forundra
ser eg på elden
-
Du er min, seier eg
Eg
skapte deg sjølv,
med
denne, seier eg
og
held opp fyrstikka
Viftar
den mot flammane,
men
ingen vert imponert
-
At ein kan skape noko
ein
rår så lite med,
tenkte
eg,
før
eg la på sprang
Fyrstikka
låg att i skogen
Abonner på:
Innlegg (Atom)
