Eg
ser ned på fyrstikka,
den
vesle trepinnen
i
mi eiga hand
-
At noko så lite
kan
gjere så store ting
Eg
er glad
sjølv
om frykta er større
Forundra
ser eg på elden
-
Du er min, seier eg
Eg
skapte deg sjølv,
med
denne, seier eg
og
held opp fyrstikka
Viftar
den mot flammane,
men
ingen vert imponert
-
At ein kan skape noko
ein
rår så lite med,
tenkte
eg,
før
eg la på sprang
Fyrstikka
låg att i skogen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar