Eg
veit ikkje kva eg sa
som
var så gale
Eg
hugsar ikkje kva du gjorde
som
slo hol i marka mellom oss
Men
ein dag var blomane visna,
graset
låg dødt mellom tørre tre
Himmelen var grå og
regntung
den
dagen
eg
vakna og såg
det
var sett opp eit gjerde
mellom
oss
Solid,
og så breitt at eg ikkje kom rundt
Det
er lenge sidan no
Gjerdet
står stødig – urokkeleg,
og
eg kastar stadig lengtande blikk over
til
di side av marka
Eg
har gløymt
korleis
orda verkar,
eg
har gløymt korleis fargane ser ut
eg
har gløymt ut
alt
utanom
det dirrande, uforståande
spørsmålet:
Kor
var det vi gjekk feil?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar