Det er laurdag morgon
eg har ferie, har nettopp stått opp
I stova står juletreet
stjerna heng i vindauget bak meg
på bordet står eit einsleg
stearinlys
Det luktar klementin
stearin
og gran
Borna ligg på golvet
berre to meter i frå meg
og ser på leikebilar
[og kranglar om leikebilar
slåss om leikebilar
blir einige om leikebilar
-
finn på noko anna å krangle om]
Dei har endå ikkje fått på seg
klede,
auga er søvntunge, håret prega
av julenatta som no listar seg ut
på filttøflar
vinkande, smilande:
eg kjem tilbake
med kvile og ro
når dagens leikar er leika,
klementinbollen er tom og
stearinlyset har brunne ned!
Nyt dagen, vesle poet;
den kjem aldri tilbake
Levd liv!
SvarSlettSlik er det..
Kjem ikkje igjen!
Nyt :-)