Ei
linje frå starten
og
heilt til endes –
frå
ei side, til den andre
Vi
her, og det uoppnåelege
der
Mellom oss: det som
stenger,
det
som lokka oss vekk
frå
linja,
flytta
auga våre frå målet
og
inn mot oss sjølve
No
ser vi alt
i
avgrensa perspektiv,
hindra
av
tåkeprat,
og våre eigne
eindimensjonale
tankar
Men:
Nokon
ser
Nokon
veit kva som må til;
kva
som må vekk
og
tek saka i eigne hender,
gjennombora
av svik
og
alt som gjekk gale på vegen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar