Eg
vaktar
det
første lyset
Det
einsame, første
symbolet,
vår stjerne mot
mørke
vinternatta
Eg
vaktar
det
første lyset
For
einsame, triste
sjeler,
dei som sukkar mot
stille
vinternatta
Eg
vaktar
det
første lyset
For
tørste, lengtande
menneske,
dei som stirrar med håp etter
lyspunkt
i vinternatta
Eg
vaktar
det
første lyset
Eg
vaktar det for deg,
eit
lys for di lengt, for ditt håp og di tru
midt
i vinternatta
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar