tirsdag 28. juni 2022
mandag 28. juni 2021
lørdag 7. november 2020
Dei andre
nokon som kjem
imot
i mørket
med frontlykter mot hjartet ditt
som eit siste håp
anten det å miste alt og gå under
eller satse på ny
og det er ikkje noko val,
for hjartet kjem ikkje aleine
det bur så mange der inne
og alle må reddast, alle må
få vekse
kjenne varmen frå lys
som har anna å tilby
enn hylet frå fallande død
torsdag 15. oktober 2020
Berre sjå
alt det som er svart i hjartet gøymer seg
for solstrålane og blikk og dei mjuke orda
som trugar med å avsløre, avdekke, legge alt ope og nake
for verda
det er ei smerte i alt som er godt
for armane held fast, også i møte med døden
og ingenting kan rive laus det som er festa
med anker som held - men lysta til det onde
herjar bakanfor, i gøymsla
der eg trur ingen kan sjå --
likevel er det auga som heng på meg eg ser
og blikket som smeltar og tærer bort alt
det som ikkje skal vere der
sjå, barn, sjå
og gløym deg sjølv
i møte med lyset
vert skuggane sky og flyktar, vert usynlege
for den som berre har auge for sola
usynlege
for den som har ansiktet vendt mot lyset
så sjå, berre sjå
onsdag 16. september 2020
Det vakre veks
det veks her
i bakhagen, i skuggen, under falleferdige tak
der jorda er hardtrampa
og lyset aldri kjem til
det veks her
det spirer gjennom søppel og rask,
sprenger seg veg
gjennom bølgeblekk og knust glas,
lagar ein sti
frå den mørke molda og heilt opp
til lyset,
let seg ikkje knekke
av stormar regn alle som trampar forbi
berre veks og veks
og strekk seg, vinkar:
bli med
mot lyset!
fredag 11. september 2020
Variasjonar over noko mørkt
lyset svingar utanom
i store bogar, let etter seg
spor i den mørke molda
her var det ein gong eit lys
kan me lese, og alle skjønar og ser
det me nektar å seie med ord
og medan orda smuldrar ubrukte bort
smeltar lyset gjennom huda og innover
til mørke krokar i samvitet -- det er så forsvinnande likt
dette mørket
og det me såg oss blinde på
medan bombene fall
over fjernsynsskjermen
no står berre ruinane att av det
som aldri vart anna enn eit håp,
og moria var ikkje det lova landet
men ei hengemyr for hjarte
som trudde dei nådde fast grunn
så sank mørke gardiner over landet
og lyset svinga utanom
let etter seg spor i molda
etter barneføter, og spora vart dammar
fylte med tårer
torsdag 27. august 2020
Mot natt
onsdag 26. august 2020
Varig
fredag 7. august 2020
fredag 31. juli 2020
Eksistens i auga
søndag 26. juli 2020
Åkerland
du opne åkerlandskap
i mitt indre
kor du lengtar etter lyset!
kor furene strekk seg mot himmelen
i snorrette linjer,
kor dei skjuler det som er planta
til lyset og vatnet gjer si gjerning
lyftar alt fram i dagen;
noko til skrekk og åtvaring
noko til glede for verda
her kan du få vandre langs kanten
og plukke det du ynskjer
for det er ditt, alt saman
om du vil
søndag 28. juni 2020
fredag 26. juni 2020
Midt mellom alt
mandag 22. juni 2020
Tunnel
det store lyset
midt i skogen
og i enden
ein tunnel
inn til det tomme rommet
med knuste vindauge
ei dør
tilbake til det verkelege livet
som startar
der eventyret
endar
fredag 5. juni 2020
Junimorgon
brest som ei boble mot berg
svevar nattfuglane inn over skogen
vert borte i lyset
frå ei nyfødd sol
då går eg med stille steg
over grus som knasar, grus som held
ei verd vidar seg ut
og skoa er stødige båtar på lyset
ei doggvåt grein over vegen
ein fuglesong, eit sus av vind
ein bekk, ein bilveg langt borte
ei stille som veks som ei rose, boblar fram
frå djupet og omkapslar alt med si glede
onsdag 27. mai 2020
Dunlett song
lyden seier me av vatn
mot riper ikkje delte
sjølv lengten fotfestemistar tak
under sjølvdisiplin og tunge åk
morgonlyset du badar
du vakker som blomar veks
finn kjærleiken ankerfeste grep
mot auge hand hud og me
er eit lodd stigande
vide vatn kan romme djupet
og handa toler du strekt
mot hjartet i vatnet
me er her kviskrande i mørket
dunlett
så dunlett
over deg og meg
mandag 25. mai 2020
Til det er tomt
nedover fjellsider, utover fjorden
legg seg som eit teppe over bygda,
og fortset å renne
heilt til alt er tomt
og sola går ned for teljing
og ut til lading -
gjer seg klar
til ein ny dag
med si uttømande, sjølvoppofrande
velsigning
fredag 22. mai 2020
Lyse i fråvær
brenn
som flammande logar
over det store havet
du vil kjempe det gjennom
leie det fram
til sin rette plass
vere den som rettar opp
reddar, plukkar saman
byggjer
held
strekk armane mot alle båtane
men i møte med vatnet
sløkker elden -
berre i det kalde fråværet
kan du lyse mot natta,
ei smerte
du kan bere
fordi du må
torsdag 30. april 2020
På vektskåla
den gylne gløden
som ikkje slepp taket om himmelen over
eit snev av vinter i blikka
som endå flyt stille over sjøen
i påvente av nye ordrar
snart vil det heile gli saman
som ein symbiose
av eld og frost;
danne eit nytt og ukjent mineral
som kan fylle opp den andre vektskåla
og vippe oss oppover - mot lyset
onsdag 29. april 2020
Reflektor
som speglar alt den kjem over
ukritisk plaprande
smiskar seg inn
let seg føre ut over alle stup
utan kritikk, tom for indre medvit
vert ein reflektor for hjartedjupa
og sjølv eit djup utan lys
stemma mi forsvinn når eg opnar munnen,
hjartet stilnar først når auga vaknar