Viser innlegg med etiketten vektskål. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vektskål. Vis alle innlegg

torsdag 30. april 2020

På vektskåla

elden bakom fjella
den gylne gløden
som ikkje slepp taket om himmelen over

eit snev av vinter i blikka
som endå flyt stille over sjøen
i påvente av nye ordrar

snart vil det heile gli saman
som ein symbiose
av eld og frost;

danne eit nytt og ukjent mineral
som kan fylle opp den andre vektskåla
og vippe oss oppover   -   mot lyset