Det var lengten mot naturen
som drog meg ut hit
Det stille suset av vind i tre;
Levande vesen,
som verken er vonde eller gode,
berre er, pustar inn, pustar
ut,
pustar livet og filosoferer
lite over kvifor
Det var
lengten mot meg sjølv,
mot den
eg er skapt til å vere,
eg
oppdaga
medan
eg låg på den turre skogsbotnen
og lytta
til mauren si faste takt
Hjarta
mitt - eit ekko
av det
eg såg og høyrde,
skremmande
frydefull,
lukkeleg levande