Viser innlegg med etiketten slutten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten slutten. Vis alle innlegg
lørdag 26. mai 2018
onsdag 31. desember 2014
Det som endar
songen
går mot siste strofa,
ein
tone som svinn
- eit
stjerneskot
over
fjerne fjell
snart
er songen over
og
stilla senkar seg
som
eit mørke
der
musikken var
men
så, bak dette mørke
som
ein spirande blome
stig
neste tone fram,
ein
ny song er i emning –
fredag 25. april 2014
Eksistens
kva
ventar dei på
trea
kva
sukkar dei for
vi
er så korte eksistensar
forsvinn
så raskt
frå
staden vi står
snart
er trea borte
snart
er vegen grodd att
snart
er stjernene borte
og
sola brent ut
alle
vitna, som visste
at
eg var her
er
borte, som eg
(det
er drepande deprimerande
å tenkje
at
det er dette som skal vere
realisme)
(weekend in black and white)
Abonner på:
Innlegg (Atom)