Viser innlegg med etiketten nyttår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nyttår. Vis alle innlegg
tirsdag 1. januar 2019
mandag 31. desember 2018
mandag 1. januar 2018
Ny start
det
første kalenderbladet er utan blekk
dei
elleve andre endå usynlege
snart
startar aldringsprosessen også her,
men
først skal eg smile og håpe
det
vert ei lukkeleg aldring
for
alle
dette
året
søndag 31. desember 2017
Alt vi ikkje visste
alt
vi ikkje visste
i
1979
at
Gorbatsjov skulle ende
den
kalde krigen
at
Saddam Hussein
skulle
setje oljebrønnar i brann i Kuwait
at
Tsjekkoslovakia skulle rakne i fred
at
Jugoslavia skulle rakne i krig
at
tvillingtårna skulle falle
at
Berlinmuren skulle falle
at
Afghanistan skulle falle
i
hendene på Taliban
og
IS herje med bomber i Europa
at
Syria skulle falle
i
eld
at
sjølve feriehavet skulle bli
ei
grav for så mange på flukt
alt
vi ikkje visste
i
1979
då
vi telte ned, frå 10 – 9 – 8 –
mot
det nye tiåret
alt
vi ikkje visste –
alt
vi ikkje veit
i
2017 –
søndag 18. januar 2015
Nye sjansar
1
det
er så mange dagar
sidan
løfter vart gitt
dagane
låg der – framfor
uskrivne
som ei snødekt vidde
og
no –
kvart
einaste skinande ord
ligg
flekkete, trampa i bakken
og
mismotet kan fylle den
som prøver å halde dei reine –
2
fatt
mot
er
bodskapen frå kruttmakaren
det
kjem nye sjansar
etter
neste snøfall
Etiketter:
nyttår,
nåde,
svart/kvitt,
søndagstema
Abonner på:
Innlegg (Atom)

