eg tenkjer på dette med stabilitet,
at atom ikkje endrar seg
korleis jorda er bygd opp
av dei same atoma
som for ti tusen år sidan
korleis det er den same sola
og den same månen
som ser ned på landskapet vårt, no
som for to tusen år sidan
at steinane utanfor Betlehem
som gjetarane kvilte hovudet mot
kanskje, og truleg, ligg der endå, ein stad
lenger ned i bakken
eller flytta litt på
eller under eit hus, innemurt i ein mur
at atoma i høyet i krubba
som vart ete av dyra - med sine atom
gjekk tilbake til bakken
og fortsatt sirkulerer ein eller annan stad
korleis alt er så stabilt
utan å samtidig vere stabilt,
for alt er i endring, atoma går sin gang
til ein dag kroppen min dukka opp i dette spelet
og brukar sine atom, kastar dei frå seg, tek opp nye
heilt til eg ein dag forsvinn ut sjølv
for aldri å dukke opp att her
og korleis det stabile punktet kviler utanfor tida
i hjartet til Han som sette det heile i gong,
sette atoma i rørsle og bad lyset om å skine
korleis alle ting sirkulerer rundt Gud,
om ein tenkjer på det eller ikkje
og korleis han endå, stabilt som eit fjell
rekkjer ut armane og let oss kvile,
endå tilbyr tilgjeving og oppreising
endå tilbyr nåde,
som det einaste stabile punktet
i ei omskifteleg verd -
---
eg står under den same sola
som stod opp den første julemorgonen
og rekk hendene opp, auga opp, hendene opp
og seier
ja takk!
Viser innlegg med etiketten nåde. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nåde. Vis alle innlegg
onsdag 18. desember 2019
Stabil
Etiketter:
advent,
advent 2019,
Gud,
nåde,
stabil
tirsdag 12. februar 2019
Bakanfor fasaden
sjølv om kveldslyset er borte
og natta sig utover fjorden
heng skuggane endå att
i dei mørke krokane
der me ikkje går
bak alle vindauge
pustar det hjarte,
bankande mot stilla
som om denne dagen vert annleis
enn alle andre
bak alle dørene
ventar hender på klarsignal
eit ord, eit glimt
av kjærleg nåde
kanskje fottrinn mot brusteinen
varslar om eit nytt lys
over horisonten;
ein ny sjanse
til å sprenge fasadane
og stige ut
som nye menneske
onsdag 29. august 2018
lørdag 13. januar 2018
Standhaftig mjuk
stå
opp
for
det du veit er sant
ikkje
bøy deg
for
vald eller truslar
eller
vondsinna løgn
ikkje
bøy deg
for
stille smisking
forsiktige
avleiingar
frå
den vegen du veit du må gå
einast
bøy deg
i
erkjenning av eigne feil
lat
det stolte fare
i
møte med eigne svik
for
vi er alle vegfarande
og
du treng nåden
like
mykje som dei hine
treng
di stødige hand
mandag 18. desember 2017
Eit lys i verda #18
så kviler du her
kviler
på ei seng av bokstavar – ein båt
som
voggar i straumen
av
tid og rom og levde liv
voggar
deg inn i straumen
av
nåde frå Lammet si trone
mandag 1. juni 2015
Kyrkja
1
slik
har ho stått
mellom
dei høge fjella
mellom
fjordar og vatn
mellom
steinar og tre
mellom
menneska og æva
som
ein peikande finger
mot
det som er høgare
vidare,
større
enn
våre kvardagsliv
våre
tankar og kjensler
peiker
på det
som
strekk seg
over
avgrunnane i sinnet
over
dei gapande såra i hjartet
over våre puslete forsøk på fred
som ei bru
ein
veg å gå
der
alle våre eigne vegar endar
og
fridomen vi jagar
er
å finne i det uventa, i det store
som
strekk ut sine eigne armar på eit kors
og
seier: kom, her er nåde å få –
2
så
vert det kanskje noko trongt
der
livet bølgjer seg veg
mot
våre travle strender
knuser,
tygg og spyttar ut
alle
våre forsett, alle våre ideal,
set
dei attende som raude tal i kolonner
og
vegen vidare, forbi
må
finnast, må veljast
som
eit medvite val i stega
og
kor ein går
med
all si tid og all si redsle
er
ikkje likegyldig
3
endå
er lyset der
strålar
gjennom mitt mørke,
eit
skinande glimt av æva
stjernehimmelen over
speglar
seg i hjarta,
som
glimt i frå noko utanfor
og
lyset famnar fellesskapet
menneske
med ansiktet same vegen
mot Han som held oss hos seg –
Abonner på:
Innlegg (Atom)