Viser innlegg med etiketten æva. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten æva. Vis alle innlegg

søndag 19. januar 2020

Håp





tanken om elva
kviler i sjølve elva, 
der draumen om elva oppstod
lenger oppe i dalen

ein gong gjekk du uti straumen
vatnet er blitt ditt liv

tanken om havet
kviler i hjartet av elva,
dit du går på dei svarte dagane
eller når frykta for straumen
grip deg

tanken om møtet mellom elv og hav
kviler i hjartet på mennesket i elva,
er som ei sikringsline
over avgrunnen,
ein tanke som kan lyfte og varme
under vinterisen på overflata

tanken om det som kjem, når elv og menneske møter hav
kviler der hjartet i mennesket er kapsla inn
i desse tynne silketrådane
som sikringslina er spunne av
og kapslar inn det varme, det trygge

let det kvile i seg sjølv
midt i straumen midt i elva
der mennesket drøymer om eit hav
og dei kallar det
håp


lørdag 16. mars 2019

I det uendelege



i det uendelege
ligg uante sjansar
til å oppnå det umoglege

for ingen kjenner grensene
til universet
ingen veit kor tida stoggar
eller orda tek slutt

det er i dette, i denne erkjenninga
det vert mogleg å fjerne seg
frå eigne skylappar
og innøvde tankesett

la seg flyte over djupa
vere eit barn
i alle ting
stille spørsmål til skaparen
og opne hjartet
for overraskande svar



onsdag 27. desember 2017

Det opne som held



det er det hemmelege
alle kjenner til
at bak den fjerne horisonten
veks det fram noko stort
og ukjent – noko skummelt
ingen vil kunne takle aleine

og så er det det opne
som få vil sjå
at framom den fjerne horisonten
finst det ei berging
og utfriing – noko som held
gjennom ukjent terreng


torsdag 30. november 2017

Ei oppmuntring - 2



det er så mange horisontale linjer
å passere;
den første samansmeltinga
den første kryssinga
ut i lyset
orda som fell på plass –

og til slutt
den siste streken
ut i det store, ukjente;

heile vegen
klamrar eg meg fast
til denne eine vertikale linja
som ikkje raknar i stormen
eller knekk under vekta
av alle mine feilsteg

denne linja som startar
akkurat der eg er
og endar i ein annan dimensjon;
forankra i eit kors, ei trone, eit farshjarte

ei sikringslinje å berge seg ut med
når alt anna –
sjølve universet –
har stoppa opp


fredag 19. mai 2017

Tilbake der vi var



ein gong svevde vi
over vatnet
var ikkje jord eller tid,

ein æveleg pust
ein tanke berre
hos Han som ser

og leia oss inn i bildet
som sårbare, fysiske
manifestasjonar av glede;

så vender vi tilbake dit
vi eingong var,
molekyla vil løyse seg opp

og Han som ser
fangar oss i svevet
byggjer alle ting om att i nåde