Viser innlegg med etiketten fjord. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fjord. Vis alle innlegg

mandag 9. mars 2020

Oppover

eg skal gå denne stien
langs fjorden og
i snirklande svingar
oppover dei bratte fjellsidene
heilt til endes

fjorden blenkjer som av gull
under sola som sakte senkar seg
der fjorden glir i eitt med havet og himmelen utanfor

stega mine er endå støe
men eg kjenner mine fjell,
veit dei vil tappe kreftene
frå stadig stivare sener

det er godt eg kjenner kvilesteinane,
dei stødige stadene
kroppen kan lene seg mot
og samle ny styrke

for toppen ventar der framme
og utsikta
som eg veit vil ta pusten frå meg

lørdag 16. mars 2019

I det uendelege



i det uendelege
ligg uante sjansar
til å oppnå det umoglege

for ingen kjenner grensene
til universet
ingen veit kor tida stoggar
eller orda tek slutt

det er i dette, i denne erkjenninga
det vert mogleg å fjerne seg
frå eigne skylappar
og innøvde tankesett

la seg flyte over djupa
vere eit barn
i alle ting
stille spørsmål til skaparen
og opne hjartet
for overraskande svar



mandag 20. august 2018

Den eine




kanskje er der mange niåringar
med draumar og lengslar
og merkelege nykker
og ord som ikkje alltid finn vegen
til overflata

kanskje er der mange jenter
tråkkande i stadig større sko
og oppgåver som kjennes som eit hav
med knusande bølgjer mot stranda

kanskje er der mange drøymarar
med vikande auge
i møte med stormen,
kanskje er der mange som treng trøyst
når den skjøre fasaden rasar
og livet buttar imot

likevel
er du den eine, den unike
den som er berre deg og berre du
kan leve dine dagar, drøyme dine draumar
dine stiar som best du kan

berre du er den eine
som må møte dine drakar
og dine djupner
berre du kan finne vegen
gjennom din eigen labyrint –

men vi står her
like bak deg og heiar
alt hjartet og pusten er god for


tirsdag 3. april 2018

Heim


denne fjorden
er ein motorveg

dette hjartet
lengtar heim – til deg

lyden av bølgjer
som båten legg bak seg,
lyden av sola som svinn
bak horisonten,
lyden av pusten forsvinn
i dette store bildet

berre lengten og hjartet
og lyset og fjorden og båten
og du

tirsdag 2. januar 2018

Natt over fjorden



sakte trekk lyset seg attende,
overgir område etter område
til mørket og kvelden

skyene fortset sin tause dans
filtrerar lyset, porsjonerer ut
våre tilmålte blå tonar

før sjølve natta rullar inn
over vassflata, rundt fjella
og viskar bort dei siste restane av lys