Viser innlegg med etiketten katt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten katt. Vis alle innlegg
lørdag 10. november 2018
mandag 5. november 2018
fredag 23. februar 2018
fredag 9. februar 2018
tirsdag 21. februar 2017
Draumen min, seier katten
draumen
min
seier
katten
er
å vere to stader
på
ein gong
ikkje
inne
ikkje
ute
men
både og
sitje
der
midt
mellom to verder
og
ha like stor del –
vere
midtpunkt
i
dei begge
søndag 20. juli 2014
Stille ut
umerkeleg
trakk du deg ut
i mørket,
steg for steg
på vegen
vekk frå oss
vi såg deg ikkje
då du gjekk,
men merkar stilla,
som eit usynleg teppe
over kvardagen
lydar
som ikkje lenger er der,
potar som ikkje lenger trakkar
over plenen
eller den glade murringa
når vi strauk deg over pelsen -
du gjekk
stille ut
søndag 2. mars 2014
Dyrisk lengt
Det bur ein lengt
etter fridom
i alle ting
levande,
ein lengt etter å
utfalde det inste
etter sitt eige
mønster,
sitt eige indre
kart –
Men sjølv kattar
veit,
at ein må gje
noko
for å få,
om enn motvillig
Sjølv kattar veit
at fridomen ikkje gjeld
viss haldepunktet
manglar,
viss det ikkje er
eit fast punkt
å utleve fridomen
frå
- Nokon å vente
på, nokon å stole på,
nokon å la
tankane sirkle rundt
(og sirkle rundt
beina på)
ikkje for å gje
slepp på fridomen,
ikkje for å viske
ut det indre kartet,
men for å gje det
ein dimensjon av tryggleik
utan den
er fridomen utan
verdi
(Fototriss)
lørdag 31. august 2013
Skuggen
Det er stille i huset,
snart demrar dagen,
og mørket må vike for sola
Berre tassande føter, to små
går opp trappa – steg etter steg
med nølande fryd
To auger ser seg forundra rundt
- her er så tomt!
Kor er dei alle saman – kor er mamma,
kor er pappa, kor er søskena blitt av?
(ho gløymer å sjekke dei bulande dyner)
Til slutt når ho toppen, og trappa tek slutt,
på golvet i gangen står skoa og ventar,
og lenger inne, i stova, er leikar og dagen
som lokkar med forunderlege eventyr –
men no er det stille, og litt mørkt
Er her ingen? Hallo? så stille ho kan,
Tek endå eit steg inn i gongen - forsiktig
Med eitt er det noko - det flyt som ei rørsle
til sida, ein skugge som flyttar seg raskt,
eit smell imot ruta – ho kastar seg rundt
Og hyler i forsvar, så høgt som ho kan;
Det er ropet som rungar, det gjallande skriket
som vekker oss andre frå søvnen
Eg flyg ut av senga – kva er det har hendt?
Eit hyl som går heilt inn til mergen
Med hjartet i halsen, og redsla i hjartet,
spring eg mot trappa og opp i ein fei
Der står ho; ho skjelv, og auga er store,
tårer og snørr i eit lite, kvitt fjes
Kva er det? Kva var det? Kva hendte her oppe?
Men hulka dei varer – og ikkje eit ord
I vindauget ser eg ein skugge mot veggen,
vårt svarthåra monstrum, godmodige katt
Eg tenkjer meg til kva som hendte…
snart demrar dagen,
og mørket må vike for sola
Berre tassande føter, to små
går opp trappa – steg etter steg
med nølande fryd
To auger ser seg forundra rundt
- her er så tomt!
Kor er dei alle saman – kor er mamma,
kor er pappa, kor er søskena blitt av?
(ho gløymer å sjekke dei bulande dyner)
Til slutt når ho toppen, og trappa tek slutt,
på golvet i gangen står skoa og ventar,
og lenger inne, i stova, er leikar og dagen
som lokkar med forunderlege eventyr –
men no er det stille, og litt mørkt
Er her ingen? Hallo? så stille ho kan,
Tek endå eit steg inn i gongen - forsiktig
Med eitt er det noko - det flyt som ei rørsle
til sida, ein skugge som flyttar seg raskt,
eit smell imot ruta – ho kastar seg rundt
Og hyler i forsvar, så høgt som ho kan;
Det er ropet som rungar, det gjallande skriket
som vekker oss andre frå søvnen
Eg flyg ut av senga – kva er det har hendt?
Eit hyl som går heilt inn til mergen
Med hjartet i halsen, og redsla i hjartet,
spring eg mot trappa og opp i ein fei
Der står ho; ho skjelv, og auga er store,
tårer og snørr i eit lite, kvitt fjes
Kva er det? Kva var det? Kva hendte her oppe?
Men hulka dei varer – og ikkje eit ord
I vindauget ser eg ein skugge mot veggen,
vårt svarthåra monstrum, godmodige katt
Eg tenkjer meg til kva som hendte…
Abonner på:
Innlegg (Atom)


