Viser innlegg med etiketten sakn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sakn. Vis alle innlegg

søndag 12. juli 2020

Etter solskin

dette brennande saknet
eit hus utan grunnmur
i mild bris

inn frå havet kjem skyene
i større kast over stilla
ruskar i takskjegg og konstruksjonar
susar gjennom skogen
over fjella og vekk

tilbake står fillene
av det som var eit liv

torsdag 11. juni 2020

Restvarme

det er alltid det motsette
eg ventar på
det andre
som aldri skjer

ventar medan dagslyset nærmar seg
midtsommarnatta
og skuggane frys til is
i draumen om den andre sida

syng den triste melodien 
for meg sjølv
sit der du ein gong sat
og kan endå kjenne varmen 

mot ei hud som hugsar
betre enn auga
ventar på ei opning i terrenget;
at alle forvilla draumar skal komme heim

 

mandag 5. mars 2018

Fantomsmerte



vekta av deg i armane mine
medan eg bar deg rundt
dei nettene du vakna - skrikande
ei uro som måtte finne svar
hos meg

vekta av deg i armane mine
dei dagane du sovna
medan eg heldt deg tett inntil
og det var berre du
i heile verda

vekta av deg når eg lyfta deg
opp frå vogga, opp frå golvet, opp på stellebordet
bleie av bleie på
og så lyfte deg ned att, ut
på ein ny ekspedisjon – bort frå meg

vekta av saknet i hjartet mitt
er ei fantomsmerte, tilsvarande stor
vekta av det tunge, sovande hovudet ditt
mot brystkassa mi


fredag 1. desember 2017

Kvinne i parken



den kjente benken
som før var akkurat så passe stor
akkurat så passe passe
for to å sitje på
halde rundt kvarandre
og kjenne varmen frå smila
bre eg gjennom kroppen
stengje ute vinterkulda

no er den så stor
som det uendelege havet,
med så mykje ledig plass
at det er berre så vidt
ho ikkje går seg vill
i tida, rommet, benken

som ikkje lenger er ein benk
men ei hemmeleg dør inn
til hennar inste smerte




onsdag 15. juni 2016

Tause bølgjer




ein far
eit blødande hjarte
ei verd som aldri kan bli heil att

der ute i bølgjene
ventar svara
som ikkje vil koma

og lengten
som aldri vert sløkt

å, du far, du ven
du min bror av støv og draumar,
eg ser dei store visarane
tikkar endå eit hakk mot æva

for ingen kan sløkke brannen
som dreg deg mot djupet,
gravlegg hjartet ditt lenge før tida

og tida kan ikkje anna enn dekkje over –



----

Nokre nyhende treff hardare enn andre. Denne saka frå USA i dag: Barn tatt av alligator, traff meg som eit spark i magen. Kan ein far oppleve noko verre? Eg tenkjer på mine eigne barn, og kjenner hjartet mitt blø for denne familien.