ein
far
eit
blødande hjarte
ei
verd som aldri kan bli heil att
der
ute i bølgjene
ventar
svara
som
ikkje vil koma
og
lengten
som
aldri vert sløkt
å,
du far, du ven
du
min bror av støv og draumar,
eg
ser dei store visarane
tikkar
endå eit hakk mot æva
for ingen kan sløkke brannen
som
dreg deg mot djupet,
gravlegg
hjartet ditt lenge før tida
og
tida kan ikkje anna enn dekkje over –
----
Nokre nyhende treff hardare enn andre. Denne saka frå USA i dag: Barn tatt av alligator, traff meg som eit spark i magen. Kan ein far oppleve noko verre? Eg tenkjer på mine eigne barn, og kjenner hjartet mitt blø for denne familien.
Very dramatic looking waves.
SvarSlettSterkt!
SvarSlett