Viser innlegg med etiketten minne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten minne. Vis alle innlegg

mandag 30. november 2020

Midlertidig

orda legg seg som fotspor
i nysnø

viser at her har nokon gått
her har nokon ytra seg

her har nokon vore til

så kjem våren, snøen smeltar
spora forsvinn

og ingen vil minnast orda
eller han som førte pennen


mandag 23. november 2020

Det eg ser er borte

ingen smular ligg att på bordet

der tanken nettopp sat og åt

eit siste måltid

for dagen


det eg har sett er borte no,

gøymt i nedstøva protokollar i eit arkiv

som ingen kan nå


skjult for verda

er spora etter mjuke kattepotar over plenen

og baklysa til den siste trikken som forsvann;

lyset frå duse stolpar og skoa mine

som fann sin eigen rytme over asfalten


borte er orda som sveva som isvengesommarfuglar

i det bleiknande bekmørket,

sola som kjempar seg fram

i disen dagen etterpå alt


og det eg ser er borte

alt før eg kan trekke pusten på ny -



søndag 22. november 2020

Alt er gjort, alt er levert

akkurat som dei store blada

på ei vindmølle ingen vil ha;

munnen berre opnar seg og lukkar seg

og gjennom vindauget

vert det ein stumfilm utan handling


lyspærene blinkar i kveldsmørket,

grusen knasar under skoa, frostrøyk

og ei stigande visse om noko som tek 

slutt

eit kapittel 

me aldri kan bla tilbake i og sjekke

om me forstod               rett


i ettertidslyset vert alle konturar borte

berre denne munnen som opnar seg 

og lukkar seg

står att som bevis på tapt tid



fredag 23. oktober 2020

Eg sa noko anna

eg misforstod det motsette

av det du meinte å ikkje seie,

slik at det me til saman hadde gløymt

var større enn summen av det me aldri hadde opplevd


heller ikkje eit felles minne kunne me dele

utan å miste halvparten av det me hugsa

og det dobbelte av det som ikkje skjedde


slik har me latt vere å byggje vår eiga historie;

ingen kan viske det ut eller endre det

utan å ville leggje til noko anna



søndag 11. oktober 2020

Beibiføter på veg til universitetet

det finst ingen pauseknapp


det finst ingen revers


det finst ingen opptaksfunksjon


berre dette sviktande minnet, og eit hjarte

som de alltid vil bu i



lørdag 3. oktober 2020

Arr

dagane den gongen

var dagar utan reservasjon

dagar som berre kom og var og eg levde

der føtene fekk feste

 

alle auga

var som ukjente djup

eg både frykta og vart trekt imot,

ynskte eg kunne vere noko

bak dei blanke pupillane, samtidig

som eg helst ikkje ville bli sett, gli under radaren, vere fri

frå bindingar eit hjarte-til-hjarte-liv heftar til seg


i dag kan eg spole i desse bilda

for dei er ikkje lenger lynglimt

men stivna fotografi i album

der dei fleste sidene er grå og usynlege

 

i dag kan eg le av meg sjølv

men alvoret heng likevel med meg; det var noko

å streve med

og arra sit endå 

som bleikna kloremerke over sjela

 

 

mandag 28. september 2020

Retrografi

det ligg så mange bilete att

i grøftekantane langs vegen eg har gått;

 

bilete av føter i grus

naser i iskald vinterluft

              iskrystallar på eit vindauge

lukta av solstrålar gjennom flekkete glas


stemmer i eit anna rom           latter, rop

vaskemaskina snurrar på siste runde


lydar eg kan kjenne att

sjølv 30 år etterpå


ein smak det går an å sjå for seg

som eit levande insekt på vandring

over stovegolvet


heile fotoalbumet

strøydd utover

og ingen vil nokosinne plukke det opp



lørdag 5. september 2020

Etterskjelv

eg skriv ned etterskjelvet
i området
der den store bomba fall

skriv bølgjene som dirrar i bakken
medan pennen ristar mot papiret,
prikk følgjer prikk
i urolege mønster

så står det her
svarte strekar
er alt som er att
av energien

papiret hugsar ikkje bomba
berre etterskjelvet --


tirsdag 25. august 2020

Sporlys

eit gult skimmer ligg att
etter sola si bane
over himmelen

som sporlys
for oss som lengtar tilbake
til dei lange nettene
og lyse latteren
over jordbærskåla

sporlys, minneveg
for draumar
i revers


fredag 27. mars 2020

Utanfor kjernen

det er så kort veg inn dit
kor alle inntrykka
            smeltar i kantane, vert mjuke
og uformelege

kanskje er det berre ein time unna
eller eit år

- eit halvt liv
om ein let att auga, lener seg vekk
frå sitt eige hjarte

i albumet står berre skala att
og det er skala, glasuren
som heng att i minnet

kjernen, den verkelege kjensla
som forma meg
har falt ut av dette skodespelet

men er fortsatt ein del        som ein vinkel
ein tone, ei lukt, smil, lysglimt
i musklane
i kvar einaste vesle 
utilgjengelege celle -

og leier meg, umerkeleg, inn på stiar
eg trur er nye 




fredag 21. februar 2020

Ein song om tap

der huset ein gong stod
er bakken no dekka
av hud, mjuk varm hud
som gir etter for trykk;
om du stryk handa sakte over,
let den følge mønster og konturar
påverke nervecellerøtene
som ein mild vårvind

kan du høyre ein stille song
sive opp mellom porene,
ein blå melodi som dirrar lik varm asfalt

svingar seg opp mellom greinene i trea rundt
legg seg som eit røyktak
og i skodda
kan du skimte omrisset
av huset som ein gong stod her
menneska som sprang gjennom dørene
songen som ein gong fylte dagen

huda pustar, sukkar
handa di vil aldri meir kjennast lik ut
etter møtet


tirsdag 18. februar 2020

Framtida, no

heile verdas framtid
ligg på mine skuldre

i auga mine
bur morgondagen, gårsdagen
har flytta inn i minnet

eg ber den med meg
som ei verktøykasse, hentar opp
det eg treng

om dagen skulle bli litt for grå;
det snåle tapetet som alle lo av
og eg humrar for meg sjølv, ja

det var noko
det

men morgondagen, lyset
som no trengjer seg veg 
gjennom den glødande sola
og om nokre timar

skal sveve gjennom det store tomrommet
over hovudet mitt og heilt inn
i auga

der morgondagen ventar, og framtida
som strøymer inn frå alle kantar

ligg på skuldrene mine, kviler
i påvente av at eg skal gjere noko
med alt dette lyset, denne tida

som eg får servert så delikat
når vekkerklokka har ringt frå seg

fredag 9. november 2018

Noko var innom




kanskje kan me knuse
denne draumen
at noko verkeleg var der;
            at der var ein sommar
            at der var        noko
nytt, som liksom passa inn
endå me ikkje visste kva det var

kanskje kan me knuse draumen
og viske ut minnet –
men kvar celle i kroppen        vil hugse


lørdag 7. juli 2018

Det blinde regnet #3




mot slutten av dei tyngste dagane
vil vi ramme inn alle ørsmå håp
og stille dei ut
            til framtidig glede

tenk, det var dette som bar meg
vil vi kviskre i stille andakt
            framfor montrane –

og undre oss
over manglande interesse

på den sedvanlege måten
du berre finn hos menneske
som har sett det verste
heilt aleine