Viser innlegg med etiketten fortid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fortid. Vis alle innlegg

mandag 23. november 2020

Det eg ser er borte

ingen smular ligg att på bordet

der tanken nettopp sat og åt

eit siste måltid

for dagen


det eg har sett er borte no,

gøymt i nedstøva protokollar i eit arkiv

som ingen kan nå


skjult for verda

er spora etter mjuke kattepotar over plenen

og baklysa til den siste trikken som forsvann;

lyset frå duse stolpar og skoa mine

som fann sin eigen rytme over asfalten


borte er orda som sveva som isvengesommarfuglar

i det bleiknande bekmørket,

sola som kjempar seg fram

i disen dagen etterpå alt


og det eg ser er borte

alt før eg kan trekke pusten på ny -



fredag 2. mai 2014

Tapte fordomar




alle mine tapte fordomar
vandrande som skjelvande gjenferd
i mine for lengst slitte klede,
smiler sine usynlege smil
frå ei tid som aldri kjem att

mine tapte fordomar
alle dei tankar eg har tenkt,
som no heng som slitte filler
i ruinane av ein by
som er sletta frå kartet

kor gjerne eg skulle gått tilbake
sett byen då den var ny,
gått i nyvaska klede
på asfalt som endå var varm;
då skulle eg knust alt saman
hive kleda på bålet og pløygd opp asfalten
med friske tankar, i håp og glede

men mine tapte fordomar
er utanfor rekkevidde,
eg må leve med gjenferda
mine skranglande skjelett i skapet
og aldri vil dei tape seg meir enn no –
eg forsonar meg, forsonar meg
det er ingen annan veg å gå
alle mine tapte fordomar
får vere tapte, utanfor rekkjevidde

eg snur ryggen til
let dei labbe etter meg langs vegen,
medan eg prøver så godt eg kan
å vere ein annan, skilje meg ut
frå den eg ein gong var

lørdag 12. oktober 2013

Støv


det er lenge sidan eg stengte denne døra

det er så lenge sidan
at eg har gløymt når det skjedde
gløymt tida
og kvifor

nøkkelen har eg forlagt
eller gløymt
eller kanskje eg mista den
med vilje

truleg helst det siste

for denne døra skulle aldri opnast att
det visste eg 
eg hadde bestemt meg
aldri, aldri meir

-

men tidene går, årstidene skiftar
og eg er eldre
eg veit meir

eg er ein annan i dag enn då
og lengtar etter å sjå
kva som finst
der bak døra

-

eg kan ikkje anna enn å kikke
sjå glimt, fragment og oppløyste bilete
av det som kan finnast
det eg veit er der

eg står med auget mot nøkkelholet
og prøvar sjå forbi
tretti år gamalt støv -

prøvar å forstå
kva som skjedde
prøver å fatte kva eg har tapt, eller spart...

søndag 6. oktober 2013

Saman held vi tida



saman held vi tida oppe – balanserer
på grensa mellom det som har vore
og det som kjem;
midt mellom, ikkje samanklemt
men vaklande og skjørt
- snart vil det gleppe, alt før vi har sett det,
vatnet flyt over kanten
frå ei side til den andre – i rasande tempo

føtene våre vert nesten rivne med
som dominobrikker på rekke ved stupet –

ein for ein dukkar vi opp
ein for ein forsvinn vi i malstraumane

vaklande held vi kvarandre, og tida,
oppe
så lenge det går



(Mitt bidrag til måndagstema hos Alt som er vakkert: Landemerke. Skulpturen på biletet står i Haugesund.)

mandag 1. april 2013

Journey/ N - for love



Let me take you on a journey
through the streets of Bergen, Norway
Where a young boy and a young girl
once were strolling hand in hand

It’s not the buildings I will show you
nor the cars or trees or pavements
All the shop windows glaring in the sun --
Nor the vivacity, a lot of happy people

It’s a beautiful city, ok, but no…
forget about all that!
It’s the footsteps I remember,
the light and happy tripping feet of youth

Let me take you on a journey
Let me guide you through my town:
Two hands, a happy couple
A boy, a girl, my N, in love

That’s my Bergen, that’s my story
And all that is about it!
Four years I lived there; happy years
and all I can remember
is my girl--


(Mitt bidrag til Tina's Picstory; "N")

torsdag 7. februar 2013

Som før



Når eg ser i gamle album
med gulna, falma bilete
av tider som ikkje lenger finst,
får eg ei kjensle av noko fjørlett

Noko som stryk meg forsiktig over huda
som ei stille kviskring i skogen
eller mumling frå ei kveldsbøn
under tunge vinterdyner

Noko grip fatt i meg, dreg meg til seg
og inn i seg, som eit dragsug etter vinden
eller som ei bølgje
som dyttar meg inn på ei ukjent strand

Eg ser på husa, fjøsa, kulturmarkene
og menneska
med alvorlege fjes, nesten sørgmodige

Born som står rake,
born som stirrar roleg mot kamera,
og det er rett før, sekundet før
dei trekk på smilebanda
og spring ut i leiken att

Og det er rett før dei alvorlege vaksne
med dei slitne fjesa
fortel ein vits – eller kanskje like etter,
og at dei har samla seg inn i siste liten

Rett før, og like etter
noko anna, noko som var kjekt
og som dei syntes om
men som aldri kunne komme med
på biletet

Eg reknar med det var slik då,
for det er slik no,
inst inne er menneska som før

og
dei som ser i mine album
om hundre år
vil aldri kunne fange inn essensen
av det som var

berre overflata av alle ting