stilla går her mellom oss
frå hand til hand
som ei gåve me gir vidare
utan først å eige den
berre lene seg mot det ein lengtar etter
og la tvilen komme alle ting til gode
så smiler stilla litt vemodig,
ruslar vidare inn i haustnatta
og me har allereie gløymt ho ut
i larmen frå byen
som vender tilbake som ei brusande elv;
riv oss med
i virvelen
Viser innlegg med etiketten by. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten by. Vis alle innlegg
lørdag 1. august 2020
onsdag 17. juni 2020
I byen
viss du aldri, eit lite sekund, er i tvil
om du vert sett, om tida er knapp
og går gjennom byens gater med stil
eit svinsande sus i kvart hjarteklapp;
smiler ditt innfule smil for kvar mil
og klatrar med andre sin lengsel som trapp
då smeltar de saman; til tonar og notar; ein sang
som asfalt, som murpuss, som klokkerein klingande klang
om du vert sett, om tida er knapp
og går gjennom byens gater med stil
eit svinsande sus i kvart hjarteklapp;
smiler ditt innfule smil for kvar mil
og klatrar med andre sin lengsel som trapp
då smeltar de saman; til tonar og notar; ein sang
som asfalt, som murpuss, som klokkerein klingande klang
onsdag 1. januar 2020
I dei stille gatene
alle menneska i kø
på bussen i butikken på veg
gjennom dei stille gatene i ein ny by
spindelveven veks mellom hovuda,
ei stille erkjenning
av mangel på ord
og dei spreidde tankane kryp rundt
på sølvstrengane
skuggeboksar
med sine indre stillas,
let hundre fossar falle gjennom landskapet
til slutt
vil hovuda opne seg
og blomar gro fram
i restane av utdøydde samtalar -
førstemann som vågar å seie fram tankane sine
vil få eit eige monument
i den stille gata
på bussen i butikken på veg
gjennom dei stille gatene i ein ny by
spindelveven veks mellom hovuda,
ei stille erkjenning
av mangel på ord
og dei spreidde tankane kryp rundt
på sølvstrengane
skuggeboksar
med sine indre stillas,
let hundre fossar falle gjennom landskapet
til slutt
vil hovuda opne seg
og blomar gro fram
i restane av utdøydde samtalar -
førstemann som vågar å seie fram tankane sine
vil få eit eige monument
i den stille gata
fredag 7. september 2018
Flytte blikket
det
kan vere at alt stort
og majestetisk
langt
der framme
i
horisonten
trer
tydelegare fram
enn
det heilt nære
og kvardagslege
at
det du har, her
det
som er ditt
får
uskarpe linjer
og bleike skuggar
samanlikna
med det
du
ynskjer å nå –
korreksjonen
er ei fokusendring,
å
opne auga og sjå
det heilt nære
onsdag 25. april 2018
mandag 4. desember 2017
Eit lys i verda #4
midt
i byen
lyser
stjerna
over
alle hovuda
og
føtene og kroppane
som
hastar
av
garde
med
armane fulle
midt
i det travle livet
sender
det sine strålar
frå
æve til æve
og
lagar ein veg
frå
der vi står – i vår kvardag
via
ein stall, eit kors, ei grav
og like inn i himmelriket
lørdag 2. desember 2017
Eit lys i verda #2
i
dei tunge gatene vandrar menneskekroppane
som
ein elvestraum, eit glidande tog
forbi
glitrande utstillingsvindauge og varme kafear
der
slitne menneskekroppar kan sitje og kvile;
finne
att seg sjølv under vinterhuda
kjenne
hjartet slå seg veg gjennom tida
Abonner på:
Innlegg (Atom)
