Viser innlegg med etiketten sildre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sildre. Vis alle innlegg

søndag 22. april 2018

Snakk

det har blitt så mykje snakk
om denne våren
som er på veg;
om sildrande bekkar og
smeltande snø og
blomar som liksom vender attende –
eg tykkjer det har blitt ein hype
heile greia

onsdag 11. april 2018

Noko meir

det er smerta som er verst,
smerta over å vite
at ein kunne gjort noko meir

hadde ein berre tenkt seg om
og lete egoismen sildre vekk
som smeltesnø om våren


tirsdag 10. april 2018

Lengt

vi lengta etter vatn
vi lengta etter fred
mat, klede
vi lengta etter ei dør
å kunne lukke att
vi lengta etter ein heim
vi lengta etter vårt eige mot,
vår stolthet, vår sjølvkjensle
og sjølvrespekt
vi lengta etter – eit liv

alt som sildra gjennom murane
og hit ned, til golvet under
dei rike sitt bord,
var lukkeynskje og toa hender

vi vart ikkje mette av det