Viser innlegg med etiketten flukt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten flukt. Vis alle innlegg

lørdag 7. november 2020

Dei andre

 

nokon som kjem

imot 

i mørket

med frontlykter mot hjartet ditt

som eit siste håp


anten det å miste alt og gå under

eller satse på ny

og det er ikkje noko val,

for hjartet kjem ikkje aleine

 

det bur så mange der inne

og alle må reddast, alle må

få vekse

kjenne varmen frå lys

som har anna å tilby

enn hylet frå fallande død 



onsdag 21. oktober 2020

Tryggleik i tusen bitar

tryggleiken er skjør som krystall;

alt ser så fint og elegant ut

i utstillingshyllene


vakre vasar, vakre glas

vakre modellar av fuglar og dyr


forsiktig går me rundt

for ikkje å velte noko, ikkje vere den som lagar lyd

ikkje vere den

som knuser

freden


men så kan nokon opne døra

sleppe inn

ein okse


og alt me tenkjer på

er flukt og vern,

og tryggleiken ligg tilbake

som sukkerstrø i fotspora

på ein stad me aldri kjem attende til


det me har att

etterpå

er minna om alt det vakre

me ein gong kalla

kvardag



mandag 16. desember 2019

Premiere

det første julespelet,
utan manus

berre rå realisme
og usynlege sufflørar 

- ei leiing i riktig retning
men scenografien er laus

og i staden for applaus,
endar natta i flukt for livet
til eit anna land

der refleksjonen er den tyngste bagasjen
og tilliten til teatersjefen
det einaste faste punktet å navigere etter



fredag 13. juli 2018

Ein mumlande majoritet




stille står vi ved stranda
ser
den europeiske kystvakta
jobbe seg sakte utover,
presse den store gummibåten
            endå lenger ut
og smiler fornøgde – for kvifor
skal dei komme inn
akkurat          her? –


så bleiknar smila litt
i det gummibåten går rundt
og vi ser armar og bein
forsvinne
            i djupet
og eit stikk av fortviling når hjartet
når døde kroppar
av menn, kvinner, ungdomar, barn
beibiar
må berast i land på stranda vår


og kanskje er vi litt sinte også
men det er ei vanskeleg kjensle
å hanskast med,
for kven skal vi vere sinte på
(utan å ramme oss sjølve) –
vel – det er like greitt å feie det vekk
           
i alle fall dagen etterpå

for her skjedde e i g e n t l e g 
ingenting
kriminelt eller ulovleg eller
noko vi burde bere ansvaret for –

det er berre slik
verda er?


 

tirsdag 10. april 2018

Lengt

vi lengta etter vatn
vi lengta etter fred
mat, klede
vi lengta etter ei dør
å kunne lukke att
vi lengta etter ein heim
vi lengta etter vårt eige mot,
vår stolthet, vår sjølvkjensle
og sjølvrespekt
vi lengta etter – eit liv

alt som sildra gjennom murane
og hit ned, til golvet under
dei rike sitt bord,
var lukkeynskje og toa hender

vi vart ikkje mette av det


fredag 3. oktober 2014

Flukt




det er dei skumle
draumane

trengjer seg på
rullar inn

på fjørlette bein
udetonerte kapslar

av ukjent materiale,
verda legg seg flat –

i kjølvatnet
der frykta gror

som ugras mellom
gleda og det kvardagslege

spring dei trygge kjenslene
på flukt

frå skumle draumar,
tankar for store for vitet



(Weekend in black and white)