Viser innlegg med etiketten scene. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten scene. Vis alle innlegg

mandag 16. desember 2019

Premiere

det første julespelet,
utan manus

berre rå realisme
og usynlege sufflørar 

- ei leiing i riktig retning
men scenografien er laus

og i staden for applaus,
endar natta i flukt for livet
til eit anna land

der refleksjonen er den tyngste bagasjen
og tilliten til teatersjefen
det einaste faste punktet å navigere etter