stille
står vi ved stranda
ser
den
europeiske kystvakta
jobbe
seg sakte utover,
presse
den store gummibåten
endå lenger ut
og
smiler fornøgde – for kvifor
skal
dei komme inn
akkurat
her? –
så
bleiknar smila litt
i
det gummibåten går rundt
og
vi ser armar og bein
forsvinne
i djupet
og
eit stikk av fortviling når hjartet
når
døde kroppar
av
menn, kvinner, ungdomar, barn
beibiar
må
berast i land på stranda vår
og
kanskje er vi litt sinte også
men
det er ei vanskeleg kjensle
å
hanskast med,
for
kven skal vi vere sinte på
(utan
å ramme oss sjølve) –
vel
– det er like greitt å feie det vekk
i alle fall dagen etterpå
for
her skjedde e i g e n t l e g
ingenting
kriminelt
eller ulovleg eller
noko
vi burde bere ansvaret for –
det
er berre slik
verda er?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar