torsdag 5. juli 2018

Det du ikkje veit




du ser så mykje du
når du ser livet mitt bretta ut
som eit kart, men likevel:

det er ikkje dine møblar
men mine, plasserte
der hjartet ville ha dei

og bakanfor det heile
er det du ikkje veit;
det som aldri kan visast i lyset –

det som er bakanfor ordet eg sa
bakanfor hjarteslaget
til og med bakanfor sjela
og mine eigne intensjonar

det er der, bakanfor sjølvet
den verkelege meg er å finne,
den verda
eller eg
aldri vil forstå –




#orda

Orda har så mange vegar - frå penn til ark, frå bok til hovud, frå fjerne tider til vår eiga tid, frå hjarte til hjarte - og dukkar opp i mange former og av mange grunnar. Denne gongen kom orda gjennom dette maleriet signert briljante Nenad Ignatic. Eg såg det, og maleriet begynte å mumle: Du ser så mykje du, når du ser livet mitt bretta ut...

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar