du
ser så mykje du
når
du ser livet mitt bretta ut
som
eit kart, men likevel:
det
er ikkje dine møblar
men
mine, plasserte
der
hjartet ville ha dei
og
bakanfor det heile
er
det du ikkje veit;
det
som aldri kan visast i lyset –
det
som er bakanfor ordet eg sa
bakanfor
hjarteslaget
til
og med bakanfor sjela
og
mine eigne intensjonar
det
er der, bakanfor sjølvet
den
verkelege meg er å finne,
den
verda
eller eg
aldri
vil forstå –
#orda
Orda har så mange vegar - frå penn til ark, frå bok til hovud, frå fjerne tider til vår eiga tid, frå hjarte til hjarte - og dukkar opp i mange former og av mange grunnar. Denne gongen kom orda gjennom dette maleriet signert briljante Nenad Ignatic. Eg såg det, og maleriet begynte å mumle: Du ser så mykje du, når du ser livet mitt bretta ut...
