det
er ein bitter kjole
ho
vel i dag
ein
svart og uformeleg
sekkekjole
over
den legg ho sorga
som
eit frynsete skjerf
surrar
det godt
så det dekker, skjuler
verda for henne
henne
for verda
og
hatten ho vel
er
av mistru og tåke
eit
slør framfor blikket
eit
vern imot verda
og
slik
med
betongtunge sko
av
uviss, nervøs
manglande
tru på seg sjølv
vandrar
ho ut i dagen
usynleg
for alt som er godt
Nydelig.
SvarSlett