no
skal eg teikne eit vakkert bilde
til
deg, av ein gut
vi
alle kjenner,
han
som aldri klarar sitje stille
som
alltid svarer frekt
når
han er irritert
og
vert irritert
kvar
gong du snakkar til han
og
alltid set beina der han ikkje skal,
alltid
motsett av det du seier
og
får oss til å tenkje
korleis
skal det gå –
han
såg ikkje meg
men
eg såg han i dag
i
ein lang korridor av glas
og
stålkonstruksjonar,
der
ei skråstilt sol laga mønster,
ruter
i alle slags storleikar
fylte
golvet
og
guten, endå med lågstilt bukse
og
hettegenser
hoppa
paradis
frå
rute til rute,
hink,
hink, hopp
hopp,
hopp, hink
hink,
hink
og
så tilbake til den vanlege
litt
trassige stilen
og
eg tenkte,
der
inne bur det eit barn
ein
gut som vil leike
eit
menneske som søker
sin
plass
i
ei verd som kan vere for stor
og
eg, pedagogen, smilte
tenkte: det skal nok gå bra –
Love the light and shadows in your fine photograph. Good eye for composition.
SvarSlettGreat photo in B&W! Wonderful patterns of the shadows and great contrast!
SvarSlettGreat play of shadows. Excellent photo!
SvarSlettGreat shapes and shadows. Fine composition.
SvarSlettSorry I'm so late visiting ;)
I love this, such strong patterns
SvarSlett