auga
er endå tunge
fylt
av mjuke draumar
duse
landskap
ut
av mørket
stig
den nye dagen inn
brer
sitt varme teppe over huset
opne
auga, strekke kroppen
la
seg fylle frå ein brønn
av
nye sjansar, nye timar
no
ligg alle ting ope
frå
no av må eg styre stega
langs
stiar som fører fram
gjennom
vindauget
ser
eg kartet,
ein
første peikepinn om vegen
eg
må gå,
det
eg såg då eg vakna
var
solurkviskring:
dette
er din nye sjanse
til
å gjere
noko
godt
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar