alle
mine tapte fordomar
vandrande
som skjelvande gjenferd
i
mine for lengst slitte klede,
smiler
sine usynlege smil
frå
ei tid som aldri kjem att
mine
tapte fordomar
alle
dei tankar eg har tenkt,
som
no heng som slitte filler
i
ruinane av ein by
som
er sletta frå kartet
kor
gjerne eg skulle gått tilbake
sett
byen då den var ny,
gått
i nyvaska klede
på
asfalt som endå var varm;
då
skulle eg knust alt saman
hive
kleda på bålet og pløygd opp asfalten
med
friske tankar, i håp og glede
men
mine tapte fordomar
er
utanfor rekkevidde,
eg
må leve med gjenferda
mine
skranglande skjelett i skapet
og
aldri vil dei tape seg meir enn no –
eg
forsonar meg, forsonar meg
det
er ingen annan veg å gå
alle mine tapte fordomar
får vere tapte, utanfor rekkjevidde
eg
snur ryggen til
let
dei labbe etter meg langs vegen,
medan
eg prøver så godt eg kan
å
vere ein annan, skilje meg ut
frå
den eg ein gong var
Flott innlegg, både dikt og den uskarpe b&w illustrasjonen!
SvarSlettFlott illustrasjon til diktet!
SvarSlettHa en fin helg!
Perfekt illustrert til disse ettertenksomme ordene!
SvarSlett:)
mysterious!
SvarSlettA silhouette of a rose flower?
SvarSlettwww.homezweethome.info/2014/05/whistleman.html
Takk takk!
SvarSlettLina: Yes, it's a rose!
Emotive image. Sorry I'm so late visiting ;)
SvarSlett