Viser innlegg med etiketten morgon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten morgon. Vis alle innlegg

mandag 23. november 2020

Det eg ser er borte

ingen smular ligg att på bordet

der tanken nettopp sat og åt

eit siste måltid

for dagen


det eg har sett er borte no,

gøymt i nedstøva protokollar i eit arkiv

som ingen kan nå


skjult for verda

er spora etter mjuke kattepotar over plenen

og baklysa til den siste trikken som forsvann;

lyset frå duse stolpar og skoa mine

som fann sin eigen rytme over asfalten


borte er orda som sveva som isvengesommarfuglar

i det bleiknande bekmørket,

sola som kjempar seg fram

i disen dagen etterpå alt


og det eg ser er borte

alt før eg kan trekke pusten på ny -



søndag 7. juni 2020

Dagen glir inn

armane flyt i morgonlufta
som ørnar i flog
lågt over marka

peilar seg inn etter beina
ei retning er den andre lik -
og slik flyt alt fram der

orda er mygg over dirrande dogg
utan forsvarsverk - utan tanke
på dei jaktande fuglane
i soloppgangen

eitt etter eitt vert dei borte
og dagen vert notert;
ein teatertekst glir inn
klar for nedstøving
i arkivet 



fredag 5. juni 2020

Junimorgon

når denne natta er til ende
brest som ei boble mot berg
svevar nattfuglane inn over skogen
vert borte i lyset
frå ei nyfødd sol

då går eg med stille steg
over grus som knasar, grus som held
ei verd vidar seg ut
og skoa er stødige båtar på lyset

ei doggvåt grein over vegen
ein fuglesong, eit sus av vind
ein bekk, ein bilveg langt borte
ei stille som veks som ei rose, boblar fram
frå djupet og omkapslar alt med si glede



tirsdag 26. mai 2020

Mot ei overflate

føter som går andre vegar
gjennom stille bygater,
vender tilbake
til utgangspunktet

hoppar over pyttar
utvida til djupe sjøar;
ein hai svingar dovent
gjennom gågata

hus som krympar, trekk saman
og bles seg opp att,
pustar skyer av damp
mot den nattsvarte himmelen

sola er ikkje lenger rund
månen syng ikkje lenger
over ulvehyla

dei dansande føtene
står stille, auga letne att
eg kyssar deg med fjørlett berøring

hud som tinar, sol som står opp
ein ny dag stig fram
med eit geisp


tirsdag 17. september 2019

Morgonen kjem

kunne eg berre vere
som eit bilde av meg sjølv
måndag morgon -

det er ikkje huda som anar frykta
eller auga som kjenner smerten
av å gå to meter bak seg sjølv
og vere eit stille vitne

for éin veg må eg gå
same kor lenge eg nøler
og morgonen kjem
same kor store skuggane veks seg

og lengten etter konsistens
stig med morgonsola
ein tidleg måndag morgon,
og lengten etter å passe inn
i meg sjølv
er konstant


fredag 26. mai 2017

Inn i verda



ut av tåka stig landet
som ei tidlaus øy, nyskapt
reinsa og frisk –

det er som auga ser
for første gong
landskapet i morgonlyset

og hjartet landar
med røter i heimlandsmolda
midt i sin eigen kvardag


tirsdag 30. desember 2014

At the dawn of a new day


horizons
outlined 
against our eyes

the cold
the light -
a fusion between both

the dawning
of a new day,
a new year

and everything
is open -

lørdag 10. mai 2014

Det eg såg då eg vakna



auga er endå tunge
fylt av mjuke draumar
duse landskap
 



ut av mørket
stig den nye dagen inn
brer sitt varme teppe over huset





opne auga, strekke kroppen
la seg fylle frå ein brønn
av nye sjansar, nye timar
 



no ligg alle ting ope
frå no av må eg styre stega
langs stiar som fører fram




gjennom vindauget
ser eg kartet,
ein første peikepinn om vegen
 

eg må gå,
det eg såg då eg vakna
var solurkviskring:




dette er din nye sjanse
til å gjere
noko godt