Viser innlegg med etiketten kulde. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kulde. Vis alle innlegg

tirsdag 14. juli 2020

Halv tanke

her er ikkje sollys
nok
til ein heil tanke,
her er ikkje kulde
til eit bankande hjarte
nok
å krype over, forsere
i kampen mot seg sjølv

her er sollys
for trøytte bein, men
tankane
er borte

lørdag 9. mai 2020

Fjerde


denne kulda
hesten som dreg vogna
motoren som dyttar flyet
endå lenger opp i atmosfæren
der sjela finn respirasjonen vanskeleg

avstanden frå golv til tak
er den dobbelte
av det som står i pakningsvedlegget

eg legg meg ned på teppet
let meg føre utover balkongen
ser verda frå fjerde etasje

alt her oppe
er slik dei sa det ikkje ville vere


søndag 26. april 2020

Meininga i si heilskap

dei hutrande bokstavane
slo seg saman
på jakt etter meining

sette seg ned
i tett fellesskap,
gav kvarandre varme
i nattekulda

vart stadig sett saman
og snart rekna som 
ein gjeng

- så her står de
seier dei forbipasserande;
ser ikkje lenger individa
berre heilskapen

og meininga står å lese
på ulikt vis
på innsida av auga som stirrar -

sjølve har dei gitt opp,
ser ikkje lenger poenget
med å leite

har nok med kvarandre


mandag 16. mars 2020

Ord på is

orda dine kapslar eg inn
i eit fleire meter høgt snøras

iskald isolasjon, istappar, iskappe
veslevisaren trampar t a k t f a s t over fjellet

til lyden av dei mumlande orda
dør ut under meg, og eg kan sleppe

snøen laus
la den virvle tilbake til skyene

grave ut orda, tine dei
ufarlege restar, på tørka strå, i kasser

på veg til eit nærliggande museum
for utdøydde samtidsytringar


fredag 4. desember 2015

Vinterkart



finne vegen i eit anna landskap;

vere den som har overblikket
utanfrå, i perspektiv

- trasse vindar, trasse kulde
trasse motet som sviktar

i stilleståande mørke,
med ei visse om vegar mot natta –

likevel finne vegen
i dette landskapet

kjenne røtene strekke seg
djupare enn auga rekk


fredag 25. september 2015

Noko kjem




noko kjem – noko krypande kaldt
kjem smygande langs ukjente veger
medan klokka går mot midnatt

eg kjenner kulda trengje gjennom huda,
byggjer sine skrøpelege stillas
over mine indre strukturar

let etter seg ein veg av øydemark
langs nervetrådane frå auga
og inn til dei inste avkrokane

så er det noko som kjem, noko vagt
og så stille at verda vert dempa
til ei kviskring – noko kjem, noko lurar…

ssssj… bak dette rullar dei grøne teppene,
alt som var ligg og ventar
for ein ny vår er på veg … noko kjem


fredag 13. februar 2015

Vinterklede



det er ei drakt av lys,
stille samansmelta - ein symbiose
mellom sola og vatnet
- ikkje er det smerte
eller liding
men ei undring, eit tankeinnfall
svevar i periferien av det ein veit
og forstår

for denne drakta er kulde
klede av fastlåste dropar
og ikkje-eksisterande lys,
nærast eit fråvær
som skuggen av eit tre som har falt
ein tanke som endå ikkje er tenkt -

likevel, i desse skuggane
ser eg livet myldre fram
det er diamantar i eit skrin, utvalde
til sine formål
og elska for det dei er,
brukte til å krone eit verk
i eit rike der menneska er gjest

så kan eg stå her i undring,
kjenne den same ikkje-varmen
krype gjennom sko og jakke,
prøve å forme meg til ein del av heilskapen
som i ein gest;
eg er ein medskapning
og velkommen -