Viser innlegg med etiketten avstand. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten avstand. Vis alle innlegg

onsdag 1. juli 2020

Dyret

dyret i sin bustad
rett under hjartet

akkurat der lungene stoggar når eg pustar inn
og magen startar når eg er mett

der søv dyret,
og vaknar når rommet vidar seg ut -

når all pusten er å finne der ute
ei heil atmosfære av mogleg innpust

og maten spring rundt på ekrene
eller gror i jorddjupet

alt er der ute
og dyret rører på seg, kvesser klørne
på alt som er fast i meg, riv det laus, lagar seg nytt leie

dyret i sin bustad i meg,
me glir i eitt
og heile verda er der ute   -   langt       der       ute


onsdag 10. juni 2020

Nabo

du, min nabo
i etasjen over under
og på sida
som eg aldri møter
aldri veit
kven er
for du har ikkje namn,
du er eit nummer
ei postkasse
ei dør
eg går forbi
på veg opp eller ned
eller ein lyd
eg høyrer
når eg tek av headsetet
om kvelden
for å finne meg mat
i pausen
eit glimt av hår
i det døra i oppgangen
glir att
og eg trippar frå trinn
til trinn
du nabo
som kanskje kunne vore
min beste venn
du


lørdag 9. mai 2020

Fjerde


denne kulda
hesten som dreg vogna
motoren som dyttar flyet
endå lenger opp i atmosfæren
der sjela finn respirasjonen vanskeleg

avstanden frå golv til tak
er den dobbelte
av det som står i pakningsvedlegget

eg legg meg ned på teppet
let meg føre utover balkongen
ser verda frå fjerde etasje

alt her oppe
er slik dei sa det ikkje ville vere