Viser innlegg med etiketten dyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dyr. Vis alle innlegg

onsdag 1. juli 2020

Dyret

dyret i sin bustad
rett under hjartet

akkurat der lungene stoggar når eg pustar inn
og magen startar når eg er mett

der søv dyret,
og vaknar når rommet vidar seg ut -

når all pusten er å finne der ute
ei heil atmosfære av mogleg innpust

og maten spring rundt på ekrene
eller gror i jorddjupet

alt er der ute
og dyret rører på seg, kvesser klørne
på alt som er fast i meg, riv det laus, lagar seg nytt leie

dyret i sin bustad i meg,
me glir i eitt
og heile verda er der ute   -   langt       der       ute


tirsdag 19. mai 2020

Det som finst

ingen høyrde pusten
såg lysglimtet i den skinande pelsen
såg klør --
kjente den stille vibrasjonen i bakken
under dei første stega

ingen kjente lukta
av dyret som forsvann i underskogen
for så lenge sidan

noko finst
ei urforteljing for kvart atom
utanfor mine eigne grenser


torsdag 4. januar 2018

4. mai 1823: Karl Marx møter ein ulv i skogen



kaldt stirra auga over den opne glipa i skogen
lufta har eit drag av yrande vår
føtene er varme, men armane skjelv
av noko han kjenner att som kulde
- kanskje er det noko anna

dei studerer kvarandre
sirklar sakte rundt skogkanten
med bringebærkrattet som eit naturleg nav
midt på enga

dette er ei sterkare makt enn eg
tenkjer han, går sakte baklengs ned mot elva
utan å sleppe den tynne tråden
som bind auga deira saman

hjartet vil knuse seg veg ut i lyset
hendene er klamme
hjernen er likevel roleg, balansert
han veit dei er like redde –

og det er ulven som snur
går sin veg innover skogen
i det han er komen passe langt unna
og ikkje lenger heng fast i det framande blikket;

dagen etter rundar ulven sitt femte år
og legg seg ned for siste gong djupt i skogsmørket

verda er ein ulv mindre
og i ferd med å endre ham

lørdag 12. desember 2015

Nær



sleppe, gripe
oppnedtankar
flytande i dette universet
av rare lydar

gripe, sleppe
bakvendtmaten
i kjappe rørsler
og forsvinne




flyktige draumevengjer
over sommarlandskapet

eg listar meg nærare
så nært at eg kan kjenne
den vesle skjelvinga

- vissa om vinter og død er eit batteri,
gir ekstra energi i sommarkvelden




dette er også ein idrett
seier løvetanna,
strekk sine stive musklar
etter kampen mot sand og grus
og all verdas motvilje